Miljøverndepartementet

Ja til djupvasskai på Stranda

Pressemelding   •   des 01, 2009 14:18 CET

Miljøverndepartementet har i dag stadfesta reguleringsplan for djupvasskai på Stranda. Stadfestinga inneber at det vert lagt til rette for at cruiseskip no kan legge til kai i Stranda sentrum.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal fremja motsegn til plana ut frå omsynet til samfunnstryggleiken knytt til ei eventuell flodbølgje frå ras ved Åkneset. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim  viser til at han er klår over dei store konsekvensane ei flodbølgje frå Åkneset kan få for fleire av bygdene langs Storfjorden. Han legg likevel vekt på det store arbeidet som er lagt ned for å sikre at menneskeliv ikkje skal gå tapt gjennom eit omfattande varslingssystem og heilkontinuerleg overvaking av dei utsette fjellsider.

Kommunane har til dømes utarbeidd beredskapsplanar, og det er sett i verk døgn-kontinuerlig overvakingsopplegg. Slik sett har ein god tru på at skadeomfanget kan avgrensast monaleg.

I avgjerda har ein lagt vesentleg vekt på at dei tekniske føresegnene til Plan- og bygningslova vart endra frå 4. september 2009. Endringa inneber at ein no i større grad kan tillate visse byggverk i strandsona, mellom anna djupvasskaier.