Universitetet i Bergen

Kan Ole Ivars og Gluntan bidra til ei betre forståing av korleis demokratiet fungerer? Ja, meiner medievitar Torgeir Uberg Nærland.

Pressemelding   •   nov 09, 2010 12:50 CET

Kan Ole Ivars og Gluntan bidra til ei betre forståing av korleis demokratiet fungerer? Ja, meiner medievitar Torgeir Uberg Nærland.

Av Åse Johanne Roti Dahl

Dansebandsjangeren har ikkje mange vener i kultureliten. For mange er det viktig å gjere eit poeng av at dette ikkje er kvalitetsmusikk. Men dei utskjelte dansebanda har eit platesal utøvarar innan smalare sjangrar kan misunne dei.

– Det som gjer dansebanda så interessante er at dei henvender seg til eit stort publikum. Dette publikummet tilhøyrer eit segment som har avgrensa moglegheit til å delta i den tradisjonelle offentlegheiten. Samstundes kan til dømes dei store dansebandfestivalane fungere som ein eigen deloffentlegheit, der fansen diskuterer små og store spørsmål, seier Torgeir Uberg Nærland, stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitskap.

Gjennom doktorgradsarbeidet vil han vise korleis noko så daglegdags som populærmusikk spelar ei rolle i høve til korleis vi forheld oss til politiske spørsmål.

Ein annan offentlegheit
Dansebandsjangeren er berre ein av fleire sjangrar Uberg Nærland tek føre seg. Historia har mange døme på at populærmusikken kan sette spor i politiske og sosiale røyrsler. Bob Dylan er uløyseleg knytta til framveksten av den politiske venstresida. Jazz og funk spelte ei viktig rolle for den amerikanske borgarrettsrøyrsla.

– Den ekspressive kulturen som musikk, film og teater er ein del av dagleglivet. Vi engasjerer oss ofte meir i den enn i til dømes debattar eller politisk argumentasjon som igjen høyrer til i den meir etablerte offentlegheiten, seier han.

Tradisjonelt sett er det sjangrar som mellom anna kronikkar og debattinnlegg som vert sett på som sentrale i den offentlege samtalen. Slike meiningsytringar er ressursar som er med på å styrke demokratiet. Sosiologiske studier viser at ein forkjærleik for dansebandsjangeren ofte fell saman med lågt utdanningsnivå, noko som igjen kan tyde på mindre høve til å delta i den tradisjonelle offentlegheiten. Dette treng ikkje å tyde at politisk interesse og engasjement er fråverande, ifølge Uberg Nærland.

Kjønskonservative og tradisjonelle
I platecover, musikkvideoar og musikktekstar framtrer det klare verdiar og identitetsmønster. Dansebandsjangeren frontar kjønskonservative verdiar, moralsk tradisjonalisme, arbeiderklasseidentitet og rural tilhøyringheit, ifølge Uberg Nærland. Han ser også ei lenke til høgrepopulistisk politikk. Mellom anna har Frp-leiar Siv Jensen prøvd seg som vokalist på dansebandfestival. Desse verdiane kan få praktiske utfall.

– Kjønskonservative verdiar vil til dømes ha noko å seie for korleis ein forheld seg til kjønspolitiske spørsmål. Den bygdeidentiteten som kjem til uttrykk vil også kunne ha noko å seie for haldningar til distriktspolitikk, seier han.

Å gje det publikum vil ha
I musikalske uttrykk som plasserer seg i høgkulturen er tanken om motstand viktig, ifølge Uberg Nærland. Lyttarane skal i større grad ha noko å bryne seg på. I motsetnad er dansebandsjangeren ein typisk publikumsretta sjanger.

– Det å gje publikum det dei vil ha ligg i sjanger-etoset, seier Uberg Nærland.

Dermed speglar til ei viss grad tekstane og imaget til dansebanda verdiar og identitetar publikum allereie har. Likevel er det ifølge Uberg Nærland mest riktig å snakke om ein påverknad som går begge vegar.

– Musikk er ein del av offentlegheiten og påverkar politiske haldningar, seier han.