Statistisk sentralbyrå SSB

Kollektivtransport med buss, båt og bane, 3. kvartal 2009. Førebelse tal

Pressemelding   •   feb 16, 2010 10:24 CET

Utflating av kollektivtrafikken

Tredje kvartal 2009 syner ingen endringar av kollektivbruken samla sett, samanlikna med den same perioden året før. Skjenegåande trafikk hadde ein liten auke på oppunder 400 tusen passasjerar, medan båtpassasjertalet haddenedgong i same storleik.

[Tabell: Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. 3. kvartal 2009. 1 000. Førebelse tal ]

Etter ein lang periode med vekst i kollektivbruken vitnar tredje kvartal 2009 om ein konsolidering av nivået. Rett nok var det ein nedgong i passasjertalet med båt på 17 prosent, men denne transportforma har tradisjon for variasjonar bokstaveleg tala på grunn av vær og vind. Trass i reduksjon i talet på båtpassasjerar, heldt billettinntektene seg på same kronenivå som tilsvarande kvartal året før. Passasjerveksten med bane på 1 prosent gav heile 9 prosent auke i billettinntektene. Samla voks billettinntektene med 4 prosent i perioden.

Kollektivtransport

Kollektivtransport er her all rutegåande transport med buss, på skinner og med passasjerbåtar. Fly, drosje, bilferjer og Hurtigruta er ikkje med.

Usikre tidsrekker

Både buss- og båtsektoren har vore prega av store strukturendringar, kontraktsmessige og teknologiske endringar dei siste åra. Anbodsutsetjing, bruttokontrakter og elektronisk billettering har gjeve meir usikre endringstal for tilbod og etterspørsel av kollektivtransport.

Tala er førebelse og kan bli justerte i samband med avstemming mot årsskjema for 2009.

http://www.ssb.no/kolltrans/