Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunane leverte gode resultat og gode tenester i 2010

Pressemelding   •   jun 15, 2011 15:26 CEST

Dei endelege rekneskapstala for 2010 syner at kommunane leverte gode tenester på skule, omsorg, barnehagar og barnevern. – Dei økonomiske resultata held seg også på eit stabilt nivå, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

KOSTRA-tala frå SSB syner at det har blitt 6600 fleire årsverk i kommunesektoren i 2010. 6200 årsverk har kome i kommunane, medan 400 årsverk har kome i fylkeskommunane.

- I helse- og omsorgssektoren har det blitt 2700 nye årsverk. Dette er eit godt bidrag til  målsettinga i omsorgsplan 2015, seier Navarsete.

Fleire barn har fått plass i barnehagar. Delen barn frå eitt til fem år med barnehageplass er auka frå 88,5 prosent i 2009 til 89,3 prosent i 2010.

Netto driftsresultat er den viktigaste indikatoren for økonomisk balanse. Resultatet for heile sektoren i 2010 er på 3,2 prosent, noko som er litt betre enn for 2009. I hovudsak er det fylkeskommunane som har forbetra driftsresultatet til 8,8 prosent i 2010. Dette har samanheng med forvaltningsreforma. Kommunane (utan Oslo kommune) har eit netto driftsresultat på 2,3 prosent, medan Oslo kommune hadde eit netto driftsresultat på 1,1 prosent. Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi meiner sektoren over tid bør ha eit netto driftsresultat på om lag 3 prosent.

- Regjeringa har sytt for sterk vekst i kommunane sine inntekter dei siste åra med ein vekst på 48,2 milliardar kroner. Auken på 6600 årsverk frå 2009 til 2010 syner at kommunane omset dette i betre tenester for innbyggjarane. No ser vi resultat gjennom framleis aktivitetsvekst, samstundes som den finansielle stillinga er stabilt god. Situasjonen er likevel ulik frå kommune til kommune. Difor er det viktig at kvar kommune legg opp sin aktivitet etter sin økonomiske situasjon, seier Liv Signe Navarsete.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.