Utlendingsdirektoratet (UDI),

Kortare innreiseforbod i utvisningssaker som råkar barn

Pressemelding   •   feb 17, 2011 08:51 CET

Justisdepartementet har vedteke ei endring i utlendingsforskrifta som gjer at innreiseforbodet i saker som råkar barn vert kortare.

- Justisdepartementet har vedteke ei endring i utlendingsforskrifta § 14-2. Endringa går ut på at personar som vert utvist på grunn av brot på utlendingslova, som hovudregel ikkje skal påleggjast meir enn to års innreiseforbod dersom vedkomande har barn i Noreg. Dette vil medføre at det i mange saker vil bli pålagt kortare innreiseforbod enn kva som er praksis i dag, seier statssekretær Pål K. Lønseth.   Les heile pressemeldinga