Statistisk sentralbyrå SSB

Kostnadsindeks for lastebiltransport, januar 2010

Pressemelding   •   feb 16, 2010 10:26 CET

Auka dieselprisar i januar

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 1,0 prosent frå desember 2009 til januar 2010. Dei viktigaste grunnane er prisauke på diesel og høgare forsikringspremiar. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 1,8 prosent.

Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 4,3 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 4,0 prosent.

[Figur: Kostnadsindeks for lastebiltransport. Januar 2009-januar 2010]

Høgare forsikringspremiar

Forsikringsindeksen gjekk opp med 3,6 prosent frå desember 2009 til januar 2010. Det siste året har forsikringspremiane auka med 7,7 prosent.

Auka ferge- og bomkostnader

Delindeksen for fergekostnader og bompengar auka med 0,4 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne indeksen stige med 0,5 prosent.

Auka administrasjonskostnader

Administrasjonskostnadene auka med 0,3 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 3,4 prosent.

Nedgang i dekkprisene

Dekkindeksen gjekk ned med 0,9 prosent frå desember 2009 til januar 2010 etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Dei siste tolv månadene har denne indeksen stige med 4,2 prosent.

Lågare kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen fall med 0,2 prosent den siste månaden. Dette kjem som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har kapitalkostnadsindeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned 8,5 prosent.

Om drivstoffindeksen

Drivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store
drivstoffleverandørane.


http://www.ssb.no/kilt/