Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Kraftsituasjonen veke 48, 2009

Pressemelding   •   des 02, 2009 15:40 CET

Fallande kraftprisar i heile Norden for andre veke på rad. For andre veke på rad fall dei gjennomsnittlege kraftprisane i alle dei nordiske elspotområda. Og for første gang sidan juli i år var alle desse prisane lågare enn 30,0 øre/kWh
Om kraftsituasjonsrapporten
NVE utarbeider og tilgjengeliggjør kraftsituasjonsrapporter ukentlig.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for uke 48 her.
Trass i auka forbruk fall prisen i Sør-Noreg med 0,8 øre til 28,2 øre/kWh i førre veke. Auka tilsig i Sør-Noreg medverka til nedgangen.
I Midt- og Nord-Noreg fall prisen med 1,2 øre til 28,8 øre/kWh. Prisfallet har samanheng med auka kraftproduksjon i Sverige. Med unntak av tre timar natt til torsdag hadde Midt- og Nord-Noreg lik pris som Sverige og Finland heile veka.
For meir informasjon , kontakt
Seniorrådgiver Ellen Skaansar, tlf: 22 95 92 55
Rådgiver Mats Øyvind Willumsen, tlf: 22 95 9059