Kulturdepartementet Norge

Kulturministeren deler ut Gandhistipend 2010

Pressemelding   •   nov 08, 2010 09:29 CET

Kulturminister Anniken Huitfeldt deler ut Gandhistipendet måndag 8. november kl 13.00 i Kulturdepartementet.

Tid: Måndag 8. november kl 13.00
Stad: Kulturdepartementet, Akersgata 59

Gandhistipendet er på 100 000 kroner og er oppretta av Kulturdepartementet. Stipendet skal bidra til å auke kunnskapen om og byggje respekt mellom religionar og livssyn i det norske samfunnet. Gandhistipendet skal brukast til å samle kunnskap om korleis dialogen i det fleirkulturelle og fleirreligiøse Noreg kan styrkast, anten gjennom praktisk dialogarbeid eller forsking.