Statistisk sentralbyrå SSB

Kulturstatistikk 2008

Pressemelding   •   des 09, 2009 09:46 CET

Fleire kinobesøk i 2008

Det var nær 12 millionar besøk ved dei norske kinoane i 2008, over ein million fleire enn året før. Kinobesøket på norske filmar var litt under 2,7 millionar. Du kan lese meir om kinoane og annan norsk kultur i publikasjonen Kulturstatistikk 2008.

Alle fylka har teke del i det aukande kinobesøket. Om lag ein femtedel av alle kinobesøka er på Oslo-kinoane, om lag 4,2 besøk per innbyggjar. I Sør-Trøndelag var kinobesøket på 3,1, medan Hordaland hadde 2,9 besøk per innbyggjar. Delen besøk på norske filmar har gått opp frå 16 til 22 prosent siste året. Til saman var det godt over 300 000 kinoframsyningar i 2008, og 221 filmar hadde premiere.

Stabilt museumsbesøk

Museumsbesøka i 2008 heldt seg på same nivå som i 2007, med over 10 millionar besøk.

Besøkstala representerer om lag 2,2 museumsbesøk per innbyggjar. Oslo-musea hadde over 40 prosent av alle museumsbesøka. 2 900 ulike utstillingar blei presenterte, og dei norske musea forvalta 4 800 kulturhistoriske bygningar.

Fleire i teater

I 2008 blei det registrert fleire besøk på teater- og danseframsyningar ved institusjonsteatra og ved dei frie gruppene. Totalt var det 2,5 millionar besøk i 2008. Tal frå Kultur- og mediebruksundersøkinga 2008 syner at 53 prosent av befolkninga hadde vore på teater, musikal eller revy siste 12 månader, mot 49 prosent i 2004. Kvinner er flinkare enn menn til å nytte desse aktivitetane.

Meir pengar til kultur

Kultur- og kyrkjedepartementet sine rekneskapstal viser at det vart løyvd 7,9 milliardar kroner til departementets ulike formål i 2008. Det er ein auke på 618,2 millionar kroner eller noko over 8 prosent sidan 2007. Både fylkeskommunane og kommunane sine rekneskapar syner auke i utgiftene til kultur og kyrkje i 2008, respektive 973 millionar kroner og 9,8 milliardar kroner. Delen brukt til kultur i forhold til totale utgifter har halde seg stabil. Forbruksundersøkinga 2006-2008 syner at utgiftene til kultur og fritid framleis er den tredje største utgifta i dei norske hushalda, med 12 prosent, eller 46 100 kroner i årleg forbruk.

Du kan lese heile publikasjonen her.

Meir informasjon, liv.taule@ssb.no, tlf. 62 88 53 00, eller asta.bardseth@ssb.no, tlf. 62 88 51 66.