Universitetet i Bergen

Kvalitetsvurdering på skole- og kommunenivå

Pressemelding   •   jan 27, 2010 09:57 CET

Knut Roald disputerer torsdag 28. januar for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Kvalitetsvurdering som organisasjonslæring mellom skole og skoleeigar”

For å møte kvalitetsutfordringane i utdanningssektoren følgjer Noreg internasjonale forvaltningstrendar som legg auka vekt på resultatansvar for den enkelte skole og kommune. Gjennom forskingsintervju kartlegg Roald korleis rektorar, kommunalsjefar, rådmenn og kommunepolitikarar samhandlar om kvalitetsanalysar og utviklingstiltak.

Studien viser at det er krevjande både for skole og skoleeigar å omdanne resultatinformasjon frå undersøkingar og prøver til handlingsrelevant kunnskap. Den utdanningspolitiske kvalitetsdiskursen og det daglege undervisings- og læringsarbeidet kan dermed fungere i to uavhengige sfærar. Auka tilgang på resultatinformasjon kan fungere kontraproduktivt dersom informasjonen ikkje blir bearbeidd på måtar som gir kollektiv innsikt og engasjement både i profesjonsgruppene og i det politiske miljøet.

Studien konkluderer med at formelle kvalitetssystem vektlegg testar, brukarundersøkingar og resultatinformasjon, medan læringsorienterte tilnærmingsmåtar føreset kunnskapsutviklande arbeidsprosessar basert på dialog og samhandling på tvers av hierarkiske nivå. Eit spørsmål blir om den nasjonale styringa av skolen reelt bidrar til å utvikle ei aktiv kommunal skoleeigarrolle. Studien syner at faglege og politiske leiarar må etablere organisasjonslæringsprosessar som skil seg vesentleg frå tradisjonelle byråkratiske arbeidsformer. Balansen mellom på den eine sida kontroll- og vedtaksorienterte og på den andre sida opplærings- og prosessorienterte strategiar, framkjem som vesentleg. Avhandlinga indikerer at skolemyndigheitene bør dreie styringslogikken frå vektlegging av kvalitetssystem til større fokus på kvalitetsarbeid.

Personalia:
Knut Roald arbeider som dosent ved Høgskolen i Sogn og Fjordane. Han er cand. polit. frå 1999. Roald har lang erfaring frå skolen som lærar, rektor og skolesjef. Han har han også arbeid som organisasjonsutviklar innanfor industriell verksemd. I arbeidet med doktorgraden har Knut Roald vore knytt til forskingsprosjektet ”Achieving School Accountability in Practice”.

Tid og stad for prøveforelesinga:
28.01.2010, kl. 09:15. Oppgitt emne: "Hva er sentralt i læreres læring for at elevene skal få tilpasset opplæring?"
Stad: Auditorium 130, Christies gt. 12, 1. etg.

Tid og stad for disputasen:
28.01.2010, kl. 10:30, Auditorium 130, Christies gt. 12, 1. etg.

Kontaktpersonar:
Knut Roald, tlf: 90 88 10 33, epost: knut.roald@hisf.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a),
epost: sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for psykologi, utdanning og helse. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.