Kommunal- og regionaldepartementet

Kvinner - like viljuge som menn

Pressemelding   •   nov 04, 2010 08:59 CET

Like mange kvinner som menn er interesserte i å delta i lokalpolitikken. Det syner ei ny undersøking frå Uni Rokkansenteret. – Potensialet er stort, så sett i gong med rekruttere fleire kvinner til vallistene, og særleg til toppen av listene, oppmodar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Navarsete er godt nøgd med undersøkinga som slår hol på myten om at det er få kvinner som er viljuge til å engasjere seg i lokalpolitikken.

- Gong på gong har me høyrd at kvinner ikkje seier ja til å delta i lokalpolitikken og at det er ei hovudårsak til at me ikkje har jamvekt mellom kvinner og menn i politikken. Undersøkinga syner at potensialet er like stort for kvinner som for menn, seier Navarsete.

- Eg oppmodar alle parti og alle nominasjonsnemnder som akkurat no held på med å setje saman vallister: Sjå dykk om og rekrutter kvinner inn på listene – og gjerne på topp. I dag er berre 38 prosent av kommunepolitikarane i Noreg kvinner. Berre 23 prosent av ordførarane våre er kvinner, og berre 23 prosent av toppkandidatane på vallistene var kvinner ved lokalvalet i 2007.  Det er ikkje bra nok. Det er no vi legg grunnlaget for å sikre fleire kvinner til kommunestyra, seier Navarsete.

Undersøkinga syner at kvinner og menn er like opptekne av lokalpolitikk. Men kvinner er i klart større grad enn menn opptekne av velferdspolitikken.
- Dei kvinnelege innbyggjarane er med andre ord mest opptekne av det mest sentrale kommunale saksfeltet, nemleg velferd. I år er det 100 år sidan kvinner fekk allmenn stemmerett til kommunestyra. No bør dei også få sin del av makta, seier Navarsete.

Uni Rokkansenteret har undersøkt om det er forskjellar i politisk motivasjon mellom kvinner og menn mellom innbyggjarane i dei 22 kommunane som er utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken. Desse kommunane er med på regjeringa si satsing med mål om å auke representasjonen av kvinner i lokalpolitikken og prøver ut ulike tiltak for å klare dette.
Dei fann at det finst eit stort uutnytta potensial både mellom kvinner og menn. Blant dei som seier at dei kan tenkje seg å delta, er det om lag like mange kvinner som menn.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.