Utenriksdepartementet

Kviterussland ny observatør i Den nordlege dimensjon

Pressemelding   •   nov 03, 2010 09:16 CET

Den 2. november var utanriksminister Jonas Gahr Støre vert for det andre ministermøtet i Den nordlege dimensjon. Som eit resultat av møtet vart ministrane samde om at Kviterussland skulle inviterast med som ny observatør.

- Det er positivt at Kviterussland no får offisiell observatørstatus i Den nordlege dimensjon ettersom landet allereie deltek i det praktiske arbeidet i området, seier utanriksminister Støre. Dette gjeld både miljø, helse, transport og kultur, der landet tar del i ein rekkje prosjekt.

Den nordlege dimensjon vil med dette ha tre observatørar – USA, Canada og Kviterussland.