Kystverket

Kysten i bilder 2009: Våt bikkje til topps

Pressemelding   •   jan 20, 2010 09:45 CET

Det vart eit noko originalt bilete som gjekk heilt til topps i fotokonkurransen Kysten i bilder 2009. Hugo Svendsens blinkskot av ein hund som møter bølgespruten på Laukvik-moloen er årets vinnar.Av: olav.helge.matvik@kystverket.no19.01.2010

Det er nettopp originaliteten – det unike ved biletet – som gjer at juryen kårar det til vinnar.

– Motivmessig sit vi igjen med fleire gode kandidatar i finaleheatet. Det som skil dette biletet frå dei andre er at det neppe kan gjenskapast. Dette er eit motiv ein kan fange gjennom linsa berre ein gong, og den gongen var altså Hugo Svendsen på plass, seier juryen, som og trekk fram korleis linjene frå ryggen til hunden går igjen i bølgespruten, samt at det faktisk befinn seg ein person langt inne i bølgespruten.

– Ein verdig vinnar, fastslår juren.

Dermed kan Hugo Svendsen sjå fram til eit opphald på eitt av fyra i ferieheimsordninga til Kystverket, samt ein oppblåsbar redningsvest. Vi Gratulerer!

2. og 3. premie
På ein god andreplass kjem Bjørn Ove Sletten med det stemningsfulle biletet av moloen i Balsfjord, som forøvrig gjekk til topps i delkonkurransen for oktober og november med tema "Hamna".

– Dette biletet er veldig tydeleg, samstundes som det har ei veldig ro over seg. Du har moloen, og du har det den skal skjerme. Eit bilete ein kan nyte lenge utan å gå lei, oppsummerar juryen.

Den tredje pallplasseringa går til Petter Rønningen, for biletet av vågen på Onøya i Lurøy kommune på Helgelandskysten.

– Eit heilt spesielt bilete, med noko unorsk over seg i fargane. Med eit utsnitt som spenner frå den grøne og klare utsikten ned til sjøbotnen, til den fargerike horisonten, synes juryen at pallplasseringa er velfortent.

Delkonkurransar
Som tidlegare nemnt stakk Bjørn Ove Sletten av med sigeren i delkonkurransen for oktober/november med biletet av moloen i Balsfjord.

Andreplassen i den delkonkurransen, der tema altså var eit stemningsfullt bilete frå kaia i Kristiansund ein ettermiddag i oktober, som Roger Naas har teke. Og tredjeplassen for oktober/november gjekk til Knut Andersen for biletet av Sørenga i frostrøyk.

For delkonkurransen i august/september var temaet "Kystens folk". Då blei "August med sjøstjerne" av Trude Blankholm Strømme vurdert å vere biletet med dei beste fotografiske kvalitetane. Hans-Alexander Nesse sitt bilete av statslos Tallak Tallaksen blei ein god nummer to. Nokon nummer tre fann ikkje juryen, då den meiner det ikkje var fleire bidrag som traff temaet.

Kysten i bilder 2010
Til slutt vil vi takke for alle dei gode bileta som har blitt sendt inn til konkurransen. Hundrevis av bilete har kome inn i løpet av året, og svært mange av desse har vore av høg kvalitet. Det var slett inga lett oppgåve juryen hadde framfor seg då årets Kysten i bilder-vinnar skulle kårast.

Det gleder juryen, som har vore samansett av Bjørn Relling, Sveinung Nedregotten og Olav Helge Matvik, at oppslutninga om fotokonkurransen har vore så stor. Det er tydeleg at interessa, både for fotografering og kystmiljø, er stor. Difor vil vi halde fram med konkurransen også neste år.

Av praktiske årsaker reduserar vi då til fire delkonkurransar, med følgjande tema og fristar:

  • Delkonkurranse 1 – "Vinter på kysten", frist 28. februar.
  • Delkonkurranse 2 – "Ferdafolk", frist 30. april.
  • Delkonkurranse 3 – "Kystkulturminner", frist 15. august.
  • Delkonkurranse 4 – "Naturkrefter", frist 15. november.

> Les meir om Kysten i bilder 2010 her

Vi takkar for alle bidraga i 2009, med eit håp om at fotoapparatet ikkje blir liggande stille neste år heller.