Statistisk sentralbyrå SSB

Lagerstatistikk. Industri, 4. kvartal 2009 Fallande lagerbehaldning i industrien

Pressemelding   •   feb 19, 2010 10:19 CET

Lagerbehaldninga gjekk ytterlegare ned i 4. kvartal 2009. Næringa bygging av skip og oljeplattformer medverka i stor grad til utviklinga.

Målt i faste prisar fall lagerbehaldninga i ordrebasert industri med 21,7 prosent frå 4. kvartal 2008 til 4. kvartal 2009. Reduserte lagre av varer i arbeid var hovudårsaka til nedgangen. Utviklinga må setjast i samanheng med låg ordretilgang i perioden etter den internasjonale finanskrisa (Sjå Kvartals ordrestatistikk). Samla lagerbehaldning var framleis på eit høgt nivå - historisk sett.

[Figur: Lagervolum. Endring siste år]

Varer i arbeid
Produkt eller delar av produkt der det framleis står igjen arbeid før desse er klargjorde for vidaresal til kundar. Mengda av varer i arbeid i industrien vil normalt vere større ved eit høgt aktivitetsnivå enn ved eit lågt.

Ferdigvarer
Produkt som er klargjorde for vidaresal til kundar. Over tid vil fall i etterspørselen føre til auka lagre av ferdigvarer i industrien dersom produksjonen ikkje blir endra i takt med nedgangen. Det motsette vil skje ved stigande etterspørsel dersom produksjonen ikkje blir justert i takt med
veksten.

Reduserte lagre i mange næringar
I 4. kvartal 2009 var lagerbehaldninga til næringa bygging av skip og plattformer 33,5 prosent lågare enn på same tid i 2008 - målt i faste prisar. Dette kjem hovudsakleg av reduserte lagre av varer i arbeid grunna ein markert svikt i ordremassen.

Lagerbehaldninga til produsentar av ikkje-jarnhaldige metall gjekk ned med 22,0 prosent frå 4. kvartal 2008 til 4. kvartal 2009 - målt i faste prisar. Tilsvarande tal for heile metallindustrien var 33,9 prosent.

Kjemisk og farmasøytisk industri melder at lagerbehaldninga fall med 13,7 prosent frå 4. kvartal 2008 til 4. kvartal 2009 - målt i faste prisar. For produsentar av kjemiske råvarer var den tilsvarande nedgangen berre 0,6 prosent. Dersom ein tek omsyn til marknadsprisane var fallet på 9,5 prosent.

[Tabell: Lagerbehaldning]


http://www.ssb.no/lsi/