Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Gorsajohka kraftverk

Pressemelding   •   feb 25, 2010 23:34 CET

NVE gjev Wilmar Johnsen løyve til å bygge Gorsajohka kraftverk i Kåfjord kommune, Troms. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 150 husstandar.

Kraftverket skal nytte vassfallet i Gorsajohka frå fjellplatået på Nordneslandet ned til sjøen. Av omsyn til reindrifta og dei freda samiske kulturminna er overføringa av Bjørkelva ikkje tatt med, og inntaket skal likeins byggast veglaust. Vassvegen vert lagt på austsida av elva med røyr bolta til berget øvst i den bratte fjellsida og elles nedgrave i lausmassar. Kraftstasjonen skal plasserast nedanfor E6 med utlaup ovanfor flomålet. Kraftverket får ei installert effekt på 1,05 MW, og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 3 GWh.

NVE meiner at tilstrekkelig vassføring heile året og krav til utforminga av anlegget av omsyn til landskapet og reindrifta er avbøtande tiltak som gjer utbygginga tilrådeleg. Fordelane i høve til dei allmenne interessene er etter NVE sitt syn større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket. NVE gjer difor løyve til Gorsajohka kraftverk på fastsette vilkår.

Kontaktpersoner :
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98216
Seniorrådgjevar Erik Roland, tlf. 22 95 90 24, mobil 913 97771

Relaterte lenker: http://www.nve.no/konsesjoner/ Kontaktperson: Ingen informasjon Bedriftens nettside: