Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Hanestadnea kraftverk

Pressemelding   •   jan 18, 2010 16:38 CET

NVE gjev grunneigarane ved Øvre Hanestad Gård løyve til å bygge Hanestadnea kraftverk i Rendalen kommune, Hedmark. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 7 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 350 husstandar.

Grunneigarane ved Øvre Hanestad Gård har søkt om løyve til å bygge Hanestadnea kraftverk i elva Hanestadnea i Rendalen. Kraftverket er planlagd med ei installert effekt på 2,1 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på rundt 7 GWh.

Det er ikkje påvist raudlista artar eller verdifulle naturtypar knytt til elva. Det er heller ikkje særlege landskaps- eller friluftsinteressar knytt til området. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfyljing av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE meiner at fordelane i høve til allmenne interesser er større enn skadane og ulempane ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Hanestadnea kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om Hanestadnea kraftverk her .

For meir informasjon kontakt:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/90 19 82 16
Seniorrådgjevar Ingrid Haug, tlf. 22 95 9416

Relaterte lenker: Ingen informasjon Kontaktperson: Ingen informasjon Bedriftens nettside: