Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Mølleelva kraftverk

Pressemelding   •   nov 08, 2010 16:58 CET

NVE gjev Alta Kraftlag a/l løyve til å bygge Mølleelva kraftverk i Kåfjord i Alta kommune i Finnmark. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 13 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 650 husstandar. Reguleringsanlegg og inntak frå tidlegare utbygginger i vassdraget vert sett i stand og nytta til kraftproduksjon att.

Annasvatn og Lundstraumvatn vert regulert 3 m med 2 m heving og 1 m senking frå naturleg vasstand for å magasinere tilsiget til kraftverket som vil nytte ei fallhøgd på om lag 389 meter. Vassvegen vert lagt på sørsida av elva i to tuneller og med røyr nedgrave i lausmasser ned til kraftstasjonen ved kote 31 ovafor E6. Kraftverket får ei installert effekt på 4,4 MW, og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 13 GWh.

Vassdraget ligg i eit område som er sterkt påverka av tidlegare vassforsyning til nedlagde gruver, kraftverk og oppdrettsanlegg samt atkomst til det gamle nordlysobservatoriet på Halddetoppen. Dei uferdige dammane ved Annasvatn og Lundstraumvatnet frå slutten av 1980-talet skal settast i stand og nyttast til å regulere vatna medan det gamle inntaket ved kote 420 i Mølleelva vert modernisert.

Det er lite fisk i vassdraget, og rødlista artar i området vurderast ikkje å bli truga av utbygginga.

NVE meiner at slepp av tilstrekkelig vassføring heile året forbi reguleringsdammane og kraftverksinntaket av omsyn til biologisk mangfald samt krav til utforminga av anlegget i høve til friluftsliv og reindrift er avbøtande tiltak som gjer utbygginga tilrådeleg. Fordelane ved å bygge kraftverket er etter NVEs syn større enn skadane og ulempene for dei allmenne og private interessene. NVE gjer difor løyve til Mølleelva kraftverk på fastsette vilkår.

For nærmare informasjon kontakt :
Erik Roland, tlf: 22 95 90 24