Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til to småkraftverk i Storfjord kommune

Pressemelding   •   feb 23, 2010 16:22 CET

NVE gjev Fjellkraft AS løyve til å bygge kraftverk i Bergselva og Mortensdalelva i Storfjord kommune, Troms. Dei to kraftverka vil få ein samla årleg produksjon på omlag 19,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 975 husstandar. Prosjekta er noke redusert i høve til dei opphavlege planane.

Etter NVE si vurdering kan dei mange planlagde småkraftverka i Storfjordområdet føre til negative sumverknader for mellom anna reindrift, biologisk mangfald, landskap og friluftsliv. NVE meiner imidlertid at utbygging av dei to kraftverka i Storfjord ikkje vil ha verknader som strekker seg ut over dei allmenne interessene knytta direkte til dei to elvene.


Løyve til Bergselva kraftverk
Kraftverket får ei installert effekt på 5 MW, og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 13,5 GWh. Dette svarar til straumbruken til 675 husstandar. Inntaket skal byggast nede i bjørkeskogen i staden for høgre opp i elva i det villmarksprega snaufjellsområdet slik som først planlagt. Vassvegen vert nedgrave på nordsida av elva. Kraftstasjonen skal plasserast slik at elva har naturleg vassføring sett frå E6. Det er ikkje påvist raudlista arter knytt til Bergselva, men ei bekkekløft vert vurdert til å ha lokal verdi. NVE meiner at tilstrekkeleg vassføring heile året og krav til utforminga av anlegget, av omsyn til landskapet og biologisk mangfald, er avbøtande tiltak som gjer utbygginga tilrådeleg.

NVE meiner fordelane i høve til dei allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Bergselva kraftverk på fastsette vilkår.

Løyve til Mortensdalelva kraftverk
Mortensdalelva kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 2,2 MW og vil få ein årleg produksjon på om lag 6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 300 husstandar. Inntaket skal byggast i bjørkeskogen. Det er ikkje gjeve løyve til å overføre to mindre bekker til inntaket, då desse berre vil gje ei marginal auke i kraftproduksjonen i høve til inngrepa i landskapet. Vassvegen vert nedgrave på sørsida av elva. Kraftstasjonen skal plasserast slik at elva har naturleg vassføring sett frå E6/E8. Det er ikkje påvist raudlista arter knytt til Mortensdalelva, men bekkekløfta som elva følgjer vert vurdert til å ha lokal verdi. Utbygginga vil medføre nokre negative verknader for biologisk mangfald og landskap. NVE meiner det vil vere mogleg å bøte på dei negative verknadene ved å sleppe tilstrekkeleg minstevassføring.

NVE vurderar nytten av tiltaket som større enn skadane og ulempene for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Mortensdalelva kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om dei to kraftverka på www.nve.no/konsesjonsnyheter


Kontaktpersonar :
Begge kraftverk: Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98216
Bergselva kraftverk: Seniorrådgjevar Erik Roland, tlf. 22 95 90 24, mobil 913 97771
Mortensdalelva kraftverk: Overingeniør Jakob Fjellanger, tlf. 22 95 92 13

Relaterte lenker: Ingen informasjon Kontaktperson: Ingen informasjon Bedriftens nettside: