Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til vassuttak og kraftverk i Storvasselva

Pressemelding   •   feb 23, 2010 16:24 CET

NVE gir Smolten AS løyve til noko auka regulering av Storvatnet og vassuttak til smoltproduksjon frå Storvasselva i Hammarøy kommune, Nordland. Innhavet kraftverk A/S får samstundes løyve til å bygge Innhavet kraftverk.

Smolten AS får løyve til å regulere Storvatnet med 1,5 meter. Dei får samstundes løyve til vassuttak frå Storvasselva til settefiskanlegget til Smolten AS. Uttaket skal ikkje vere større enn 25 m3 /min. NVE legg vekt på at tiltaket vil betre høve for dagens produksjon av smolt og leggje til rette for ein fremtidig auke i produksjonen ved anlegget. Dette vil også sikre vidare drift og arbeidsplassar knytta til drifta. Utbygginga vil gje negative verknader for landskap og friluftsliv og tap av inngrepsfrie naturområde. NVE meiner likevel det vil vere mulig å gjere tiltak som minskar ein del av dei negative verknadene.

Av omsyn til landskap, friluftsliv og biologisk mangfald ved Storvatnet blir reguleringa noko mindre enn omsøkt. Det skal av omsyn til biologisk mangfold og friluftsinteressar sleppast ei minstevassføring i utløpselva frå Storvatnet på 100 l/s heile året.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn dei negative konsekvensane for allmenne og private interessar.


Innhavet kraftverk i Storvasselva er planlagt med ein installert effekt på 2 MW og ein årleg produksjon på omlag 8,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 435 husstandar. Når det ikkje er overlaup i Storvatnet skal kraftverket driftast etter vassuttaket til settefiskanlegget.


Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging i byggjetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i tilstrekkeleg grad.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Les meir om løyva på www.nve.no/konsesjonsnyheter

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Overingeniør Frank Jørgensen, 22 96 94 31

Relaterte lenker: Ingen informasjon Kontaktperson: Ingen informasjon Bedriftens nettside: