Samferdselsdepartementet

Luftforureining frå vegtrafikk: Fullmakt til Samferdselsdepartementet sikrar effektive tiltak

Pressemelding   •   okt 20, 2010 11:36 CEST

- For Bergen og andre byområde vil det frå og med vintersesongen 2010/2011 bli enklare å setja i verk trafikkregulerande tiltak for å avgrensa alvorleg luftforureining frå vegtrafikken, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

I statsråd i dag er det vedteke at Samferdselsdepartementet skal få fullmakt til å gjennomføra trafikkregulerande tiltak på vegnettet, i form av til dømes ordning med såkalla ”datokøyring” og forbod mot dei mest forureinande køyretøya.

- Ei slik fullmakt vil setja departementet betre i stand til å hjelpa Bergen og andre kommunar, i fall luftforureininga frå vegtrafikken skulle gjera det nødvendig med nye trafikkregulerande tiltak vinteren 2010/2011 og framover til ei eventuell permanent forskrift er vedteken, seier samferdselsministeren.

- Slike tiltak kan mellom anna vera å innføra ei midlertidig ordning der det på visse dagar er tillate å køyra berre med personbilar som har nummerskilt som endar med oddetal, medan det på andre dagar er tillate å køyra berre for dei som har nummerskilt som endar med partal.