ABM-utvikling

Lussi på teiknspråk

Pressemelding   •   feb 22, 2010 21:21 CET

Endeleg skal også døve barn få glede av å bli kjent med historia om Lussi. ABM-utvikling gir Møller Kompetansesenter 175 000 kr til å gje ut den prisbelønte boka på teiknspråk.

Lussi er så stille og snill og flink og rein og pen at ingen ser henner lenger. Så snill at ho ein dag blir borte. Snill er ei munter, poetisk og støyande bok som barn og unge lett vil forstå og leve seg inn i. Boka er laga av Gro Dahle og Svein Nyhus.  I 2002 fekk dei Brageprisen 2002 for beste barnebok.

- I leseåret 2010 er det viktig å stimulere til auka lesing også for denne gruppa som har for lite god litteratur tilgjengeleg, seier avdelingsdirektør Leikny Haga Indergaard i ABM-utvikling. Dessutan vil mange døve barn nok kjenne seg igjen i kjensla av å bli usynleggjort, seier Indergaard.

Fire nye bøker på teiknspråk

ABM-utvikling løyver samla 716 000 kr til fire teiknspråkbøker. Alle bøkene vert gjevne ut av Møller Kompetansesenter som er ein del av det statlege spesialpedagogiske systemet, Statped. Senteret gjev tenester til tunghøyrde og døve med ulike språk og kommunikasjonsbehov.
Desse bøkene har fått tilskot for bearbeiding og utgjeving på teiknspråk:

Gro Dahle og Svein Nyhus: Snill på tegnspråk -  kr 175 000
Neil Gaiman: Ulvene i veggen - kr 166 000
Unni Eikeseth: Newton, barnas store vitenskapsbok - kr 150 000
På jakt etter det gode arbeidsliv - kr 225 000

Fakta om tildelinga

I 2010 deler ABM-utvikling ut 32,6 millionar kroner til 114 søknader frå arkiv, bibliotek og museum. Midlane fordeler seg slik:

  • 85 får tilsegn om 22 764 000 kr til utviklingsprosjekt for å utvikle møteplassar for kunnskaps- og kulturformidling samt partnarskap og samarbeid
  • 4 får tilsegn om 716 000 kr til teiknspråkbøker for døve
  • 25 får tilsegn om 9 120 000 kr til sikringstiltak ved norske museum

Det kom inn 274 søknader om til saman 102 millionar kroner.

Pressekontakt

informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon 913 47 369 / 23 11 75 99
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no

avdelingsdirektør bibliotekutvikling Leikny Haga Indergaard
- telefon 951 00 785 / 23 11 75 00
- e-post: leikny.haga.indergaard(a)abm-utvikling.no

Oversikt over alle tildelingane finn du her (lenke)