Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet utnemner i dag nasjonalparkstyre som skal forvalte Jostedalsbreen nasjonalpark

Pressemelding   •   nov 19, 2010 09:13 CET

Dette er eit ledd i innføringa av den nye forvaltningsmodellen for verneområde. Kommunane og fylkeskommunen får gjennom deltaking i nasjonalparkstyret ansvaret for å forvalte store nasjonale verdiar.

Det er særs gledeleg at Balestrand, Førde, Gloppen, Jølster, Luster, Sogndal og Stryn kommunar saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ta ansvar med å ivareta dei unike naturverdiane i Jostedalsbreen nasjonalpark. Nasjonalparkstyret får eit stort ansvar på vegne av heile nasjonen for å forvalte viktige nasjonale og internasjonale naturverdiar, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Oppnemning av nasjonalparkstyret skjer etter at miljø- og utviklingsministeren i desember 2009 inviterte alle kommunar med nasjonalparkar og andre store verneområde til å delta i forvaltninga av verneområda innanfor sine grenser.

Nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark vil bestå av, Einar Målsnes frå Balestrand kommune, Nils Gjerland frå Førde kommune, Anders Ryssdal frå Gloppen  kommune, Gerd Dvergsdal frå Jølster kommune, Torodd Urnes frå Luster kommune, Eline Orheim frå Sogndal kommune, Nils P. Støyra frå Sogndal kommune og Gunnvor A. Sunde frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Nasjonalparkstyret skal gjere vedtak og gjennomføre tiltak innafor ramma av verneforskriftene slik at naturverdiane i nasjonalparken vert sikra for komande generasjonar.


Innføringa av denne nye forvaltningsmodellen for verneområda skjer på bakgrunn av regjeringa sitt framlegg i Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon for 2010 (Prop. 1 S (2009-2010)). Stortinget har slutta seg til dette. Tilsvarande styrer for nasjonalparkar og andre store verneområde elles i landet, vert oppnemnd fortløpande.