Statsministerens kontor

Møte med interessegrupper frå Nord-Noreg

Pressemelding   •   feb 24, 2011 09:52 CET

Statsminister Jens Stoltenberg, kunnskapsminister Kristin Halvorsen og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete møter i dag representantar for folkeaksjonen for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja og andre organisasjonar.

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor kl. 14.00, og det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Deltakarane er tilgjengelege for pressa etter møtet, om lag kl.14.45.

Pressekontakt er statssekretær Mina Gerhardsen, tlf. 918 52 986.