Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Mykje regn gav høg straumeksport

Pressemelding   •   nov 24, 2011 10:41 CET

Meir nedbør enn normalt i tredje kvartal gav høgt tilsig til dei norske vasskraftverka. Det var derfor mykje uregulerbar vasskraftproduksjon og uvanleg høg nettoeksport av straum.

- Store nedbørmengder denne sommaren og hausten fylde opp dei norske vassmagasina. Etter kvart vart fleire magasin tilnærma fulle, slik at vasskraftprodusentane var tvungne til å produsere for å unngå spill av vatn. Mildvêr førte samstundes til lågare innanlandsforbruk enn normalt. Vi fekk dermed kraftoverskot og høg nettoeksport,  seier avdelingsdirektør Marit L. Fossdal i NVE.

Energitilsiget til dei norske vassmagasina var 45,2 TWh i tredje kvartal. Det er 6,5 TWh meir enn normalt. Grunna det høge tilsiget auka fyllingsgrada i vassmagasina ifrå 67,2 prosent i starten av kvartalet, til 86,1 prosent i slutten av kvartalet. Det er omlag det normale for årstida.  

Ved utgangen av tredje kvartal 2010 var fyllingsgrada 18,3 prosenteiningar lågare. Det tilsvarer ei energimengde på 15,4 TWh. Vi er med andre ord betre stilt før den komande vinteren enn vi var til  same tid i fjor.

- Sjølv om det var høg krafteksport, var magasinfyllinga ved utgangen av kvartalet omlag som normalt. Samstundes fall dei norske kraftprisane med mellom 30 og 40 prosent frå andre kvartal. Det synleggjer at produksjonen i stor grad har vore uregulerbar. Utan eksportmoglegheiter ville mykje vatn gått til spille,  påpeiker  Fossdal.

Den totale nettoeksporten av norsk kraft i 3. kvartal var 5,9 TWh. I dei to føregåande kvartala var det norsk nettoimport, og i 3. kvartal 2010 var kraftutvekslinga i balanse. Kraftproduksjonen i tredje kvartal var 30,9 TWh. Det er heile 6,9 TWh meir enn i tilsvarande kvartal 2010.

Vest-Noreg hadde ein gjennomsnittleg kraftpris for kvartalet på 24,1 øre/kWh. Tilsvarande pris i Aust- og Sørvest-Noreg var 24,7 øre/kWh. I Midt- og Nord-Noreg var det noko høgare prisar, høvesvis 28,7 og 28,8 øre/kWh. 

Last ned "Kvartalsrapport for kraftmarknaden. 3. kvartal 2011".

 

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Marit L. Fossdal, tlf. 22959353/90188373
Fungerande seksjonssjef Finn Erik L. Pettersen, tlf. 22959845/99480886

Lenker