Kommunal- og regionaldepartementet

Navarsete gratulerer Møre-regionen med internasjonal pris i næringsutvikling

Pressemelding   •   jun 01, 2011 16:44 CEST

- Eg vil gratulere NCE (Norwegian Centre of Expertise) Maritime som rykande fersk vinnar av den internasjonale prisen NGP Cluster Excellence Award 2011, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

NCE Maritime er ei maritim næringsklyngje med hovudsete på Møre. Prisen vart delt ut i København.

- Eg er stolt over næringsmiljø som NCE Maritime, som dagleg jobbar hardt med gode resultat, for å hevde seg i ein tøff internasjonal marknad. Prisen vitnar om Møre-kysten sin internasjonale posisjon i den maritime næringa. Her jobbar ein godt i lag om nyskaping!

Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for utvikling av sterke næringsklyngjer i heile landet. Det gjør me fordi eit slikt samarbeid gjev gevinstar for bedrifter, regionar, utdanningsmiljø, stadsutvikling og enkeltmenneske. Bedrifter og stader er gjensidig avhengige av kvarandre.

– Gjennom NCE- programmet kan me styrkje dei regionale klyngjene som allereie er leiande internasjonalt, og hjelpe fram fleire miljø til å verte motorar for næringsutvikling, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.