Kommunal- og regionaldepartementet

Navarsete gratulerer Nord-Hordaland med etablering av industri-inkubator på Mongstad

Pressemelding   •   jun 16, 2011 21:17 CEST

- Eg vil gratulere Nord-Hordaland-regionen med etablering av industri-inkubator på Mongstad, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Bak etableringa står ynsket om å vidareutvikle industristaden Mongstad spesielt, og Nord-Hordaland generelt, med målsetting om ny forretningsmessig verksemd i regionen.

I Mongstad-området er Statoil og Mongstadbase A/S sentrale selskap, og desse har gjeve grunnlag for etablering og lokalisering av mange verksemder innanfor service og produksjon. Den industrielle verksemda i Mongstad-området er betydeleg, men står fram som noko einsidig.

Ein industri-inkubator er knytt opp mot ei stor industribedrift, ofte multinasjonale industriselskap, eller samling av industribedrifter, også kalla morbedrift (MB) som ynskjer knoppskyting eller utvikling av nye bedrifter rundt seg.

Ei eiga prosjektgruppe med deltakarar frå Statoil, Mongstadbase, BKK og Selskapet for industrivekst (SIVA)  har kome fram til at det er grunnlag for å etablere og drifte ein industri-inkubator på Mongstad. BKK vil sjå på muligheitene for utvikling av ny miljøvennleg energiproduksjon/framtidsretta infrastruktur knytt til kraftoverføring med utgangspunkt i Mongstad.

Det var offisiell opning av industri-inkubatoren på Mongstad tysdag den 14.juni. SIVA vil ha en eigardel på 20% i. Dei resterande 80% er fordelt mellom: Statoil 20%, Mongstadbase 15%, Mongstad Vekst 35% og BKK 10%.

- Eg meiner det er viktig at ein også på stader med eit næringsliv som i dag greier seg godt, tenkjer framover og satsar på å oppnå større breidde i næringsgrunnlaget. Dette er ein god måte å utvikle den regionale kompetansen på og er også den beste forsikringa mot mulege framtidige kriser i enkeltsektorar, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.