ABM-utvikling

Ni millionar til museumssikring

Pressemelding   •   feb 22, 2010 21:12 CET

21 museum er innvilga tilskot til sikring for til saman 9,12 millionar. Dette er ein auke på 2 millionar frå i fjor.

ABM-skrift #59

Sikringsmidlane er tildelt tiltak som skal førebyggje og redusere omfanget av øydelegging i samband med brann, tjuveri og naturskade. Tilskotet dekker inntil 60 prosent av totalkostnadene for sikringstiltaket. ABM-utviklings sikringsutval er rådgivande organ ved fordeling av sikringsmidlar.

- Det er eit stadig aukande fokus på sikring og bevaring i musea, seier Randi Ertesvåg, avdelingsdirektør i ABM-utvikling. - Det er også i aukande grad dialog om samarbeid og samhandling mellom institusjonane, med ønsker om fellestenester og fellestiltak.

Sikringsmidla vart oppretta etter brannen i Erkebispegården i Trondheim i 1983, og brannsikring i musea er eit prioritert område. Det er likevel ein del museum som ikkje er godt nok brannsikra. I ABM-skrift #59 Vel bevart? Tilstandsvurdering av museumssamlingar går det  fram at 26 prosent av museumsgjenstandane er oppbevart i einingar der det ikkje er tilstrekkelege førebyggjande branntiltak.

30 museum sendte inn 35 søknadar om sikringsmidlar i 2010. Det vart søkt om 22,5 millionar til sikringstiltak med ein totalkostnad på nær 38 millionar.

Fakta om tildelinga

I 2010 deler ABM-utvikling ut 32,6 millionar kroner til 114 søknader frå arkiv, bibliotek og museum. Midlane fordeler seg slik:

  • 85 får tilsegn om 22 764 000 kr til utviklingsprosjekt for å utvikle møteplassar for kunnskaps- og kulturformidling samt partnarskap og samarbeid
  • 4 får tilsegn om 716 000 kr til teiknspråkbøker for døve
  • 25 får tilsegn om 9 120 000 kr til sikringstiltak ved norske museum

Det kom inn 274 søknader om til saman 102 millionar kroner.

Pressekontakt

informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon 913 47 369 / 23 11 75 99
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no

avdelingsdirektør museumsutvikling Randi Ertesvåg
- telefon  906 28 621 / 23 11 75 00
- e-post: randi.ertesvag(a)abm-utvikling.no

Oversikt over alle tildelingane finn du her (lenke)