Forskningsrådet

Noreg i banebrytande EU-prosjekt: Skilnader mellom norsk og fransk akupunktur

Pressemelding   •   feb 08, 2010 09:07 CET

I Frankrike har berre legar lov å behandle sjuke menneske. I Noreg kan kven som helst gjere det. Universitetet i Tromsø bidreg når Europa no skal få eit felles vegkart for alternativ behandling.

EU-prosjektet skal blant anna sjå på kven som praktiserer alternativ behandling, kven som brukar alternativ behandling, kva ulike behandlingar inneber og kor utbreidde dei ulike behandlingsformene er. EU-prosjektet skal kartleggje kven som brukar alternativ behandling. (Foto: Shutterstock)

Forskarar frå tolv europeisk land er med i prosjektet som har fått 1,5 millionar Euro i støtte. Frå Noreg deltek Nasjonalt forskingssenter innan komplementær og alternativ medisin (NAFKAM), ved Universitetet i Tromsø.

Prosjektet har fått namnet Cambrella (CAM står for Complementary and Alternative Medicine) fordi det skal samle europeisk kunnskap om på dette vidtfemnande feltet under ein paraply. Kartlegginga skal omfatte alle delar av alternativ behandling i Europa.

– I dag er biletet av alternativ behandling svært ulikt i ulike europeiske land. No skal vi samkøyre det, seir professor Vinjar Fønnebø ved NAFKAM. Forskingsprosjektet strekkjer seg over tre år.

Vinjar Fønnebø (Foto: Ingun A. Mæhlum/NAFKAM) Sjølv om mange av omgrepa og namna som blir brukt er like i ulike europeiske land, kan dei ha ulikt innhald.  Fønnebø understrekar at det er eit klart poeng at mange ulike europeiske land er representerte i forskingsprosjektet, for å få ein best muleg oversikt. Det norske bidraget går ut på å kartleggje den juridiske situasjonen for alternativ behandling i Europa. Korleis ser lovverket i dei ulike landa ut, og kva med reglar for naturprodukt, eller for autorisasjon og tilsyn?

Det er første gong Europakommisjonen støttar forsking på alternativ medisin gjennom det 7. rammeprogrammet. Dette forskingsprosjektet skal danne grunnlag for vidare forsking på komplementær og alternativ behandling i framtida.

Les meir på www.cambrella.eu