Samferdselsdepartementet

Ny forskrift: Rutebussar - betre tilgjengeleg for alle reisande

Pressemelding   •   des 04, 2009 13:58 CET

Alle nye bussar skal ha plass for rullestol. Bussane skal elles ha anten låggolv og rampe, eller vera utstyrt med heiseordningar. Dette er nokre av krava i ei ny forskrift om universell utforming av køyretøy som vert nytta i rutedrift med buss. Forskrifta omfattar ekspressbussar og såkalla ”forstadsbussar” (bussar i klasse II og III). For bybussar (bussar i klasse I) gjeld det frå før eigne reglar.

Samferdselsdepartementet har 3. desember 2009 fastsett forskrifta som skal gjelde frå 1. januar 2010. Forskrifta gjeld for bussar som er innkjøpte etter denne datoen. Krav om at bussane skal ha mellom anna høgtalar, elektronisk tavle og utstyr for automatisk varsling av haldeplassar, er òg ein del av den nye forskrifta.

- Den nye forskrifta er med på å gjera kollektivtransporten  meir tilgjengeleg for alle. I tillegg til forskrifter og krav om utforming av bussar, tog, sporvogner, T-bane, ferjer og rutebilar, kjem arbeidet med å gjera haldeplassar, stasjonar og knutepunkt for  kollektivtransporten meir tilgjengeleg. Dette er eitt viktig steg i den store og gradvise omlegginga til eit meir tilgjengeleg transportsystem, seier statssekretær Erik Lahnstein i Samferdselsdepartementet.

Drosjetransport
Reglane i forskrifta skal elles gjerast gjeldande for drosjer – i dei tilfella der det i utlysinga av drosjeløyvet er teke inn krav for transport av personar med nedsett funksjonsevne. Dette omfattar både bilar som køyrer innanfor rammene av eit vanleg drosjeløyve og bilar med såkalla ”utvida drosjeløyve”.


For fleire opplysningar – sjå:

• Forskrift om universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport mv. fastsett av Samferdselsdepartementet 3. desember 2009 (pdf)

• Samferdselsdepartementet vil om kort tid òg kome med eit rundskriv om forskrifta, nr. N -3/2009


For bilete frå pressetreff 4. desember 2009 om den nye forskrifta – sjå:

• Flickr-sida til Samferdselsdepartementet. Bileta kan nyttast fritt mot å skrive namnet på fotografen.