Forskningsrådet

Ny internasjonal strategi: Vegskilje for norsk forsking

Pressemelding   •   feb 19, 2010 09:10 CET

For at norsk forsking skal bli enda betre, må ho bli meir internasjonal. Det internasjonale perspektivet skal difor inn i alle delar av Noregs forskingsråd sitt arbeid.

I løpet av dei siste åra har internasjonaliseringa av forsking og forskingspolitikk skote fart. Administrerande direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén oppfordrar alle interesserte til å komme med innspel når den nye internasjonale strategien til Forskingsrådet no er ute på høyring. Dei store forskingsutfordringane kjenner ingen landegrenser. (Illustrasjon: Shutterstock)

– Vi må ikkje stå att på stasjonen når toget går. Den nye strategien for internasjonalt samarbeid skal gjere oss i stand til å komme i framkant av utviklinga, seier han.

Konkurranse og samarbeid

Det internasjonale forskingsperspektivet omfattar på same tid eit vidstrekt samarbeid og ein tydeleg konkurranse. Å søkje forskingsfinansiering i konkurranse med forskarar frå andre land er ein måte å måle kvalitet i forskinga på. Dei beste forskingsmiljøa frå eitt land får samarbeide med dei fremste forskarane frå eit anna land. Hallén understrekar at den nye internasjonale strategien skal gjere oss betre i stand til å hevde oss i den internasjonal konkurransen.

– Forskingsrådet skal bidra til at norsk forsking blir betre, og det krev at vi legg enda betre til rette for fagleg samarbeid med dei beste miljøa utanfor Noreg. Vi har store ambisjonar for det internasjonale forskingssamarbeidet, og vi må alltid spørje oss sjølv om vi er tett nok knytte opp til leiande miljø globalt.

Ambisjonar for internasjonaliseringa

Dersom gjennomføringa av den internasjonale strategien er vellukka, vil internasjonalt samarbeid inngå i dei alle fleste prosjekt finansiert av Forskingsrådet alt i 2015. Hallén peikar på tre sentrale utfordringar:

  • Tidlegare har internasjonalt samarbeid mest vore organisert på individnivå. No må forskingsinstitusjonane leggje til rette for organisert, systematisk internasjonalisering.
  • Programstyra i Forskingsrådet må integrere det internasjonale perspektivet i alle våre eigne programsatsingar, og få fram gode prioriteringar. Nasjonale prioriteringar må bli meir konkrete – også når det gjeld internasjonalt samarbeid.
  • Finansieringssamarbeid mellom ulike land er i vekst. Vi må finne gode måtar å organisere dette samarbeidet på.

Endringar for forskingsmiljøa

Den nye internasjonale strategien vil medføre endringar som vil merkast godt for dei norske forskingsmiljøa.

Arvid Hallén (Foto: Eva Brænd) – Ein større del av forskinga i Noreg vil vere resultat av internasjonalt samarbeid. At vi no møter store globale utfordringar forsterkar dette. Energi, klima, miljø og helse kjenner ingen landegrenser, og det må samarbeid til for å finne felles løysingar. Vi må også samarbeide meir om vitskapleg infrastruktur fordi det her krevst svært store investeringar. Dessutan må vi samkøyre satsingane våre mot internasjonale behov, og jobbe for å bli verdsleiande på satsingane våre, seier Hallén.

Kva for innspel forventar du når den internasjonale strategien no er open for høyring?

No ønskjer vi innspel frå forskingsmiljøa på korleis vi kan leggje betre til rette for behova deira. Til betre vi forstår situasjonen, til meir treffsikre kan vi bli i våre tiltak. Dialog med forsking, næringsliv og samfunn er ein viktig del av strategiprosessen, og Forskingsrådet legg difor opp til ein brei høyringsprosess, med både høyringsmøte, skriftlege kommentarar og netthøyring.

Høyringsutkastet finn du til høgre på nettsida.

Innspel til strategien kan sendast på e-post til eja@forskningsradet.no