Kulturdepartementet Norge

Ny leiar i medieansvarsutvalet

Pressemelding   •   des 18, 2009 08:39 CET

Advokat Helge Olav Bergan er i dag oppnemnd til ny leiar i medieansvarsutvalet. Bergan erstattar advokat Janne Kristiansen, som sa frå seg leiarvervet i utvalet då ho vart utnemnd til ny PST-sjef.

Helge Olav Bergan er partner i advokatfirmaet Haavind AS og leier arbeidet i firmaet  innan medie- og underhaldningsbransjen. Bergan har spesialisert seg innanfor kringkasting, medie- og immaterialrett.

Utvalet vart oppnemnt i juli i år og har fått i oppdrag å gjere ei samla vurdering av reglane om plassering av ansvar for ytringar i media, inkludert regulering av redaktøransvar og kjeldevern. I tillegg skal utvalet vurdere behovet for særskilde lovreglar eller tenester som kan sikre personvernet for den einskilde i møte med media.

Bildet: Helge Olav Bergan Foto: Advokatfirmaet Haavind AS