Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

Ny prost i Austre Sunnmøre

Pressemelding   •   nov 05, 2010 16:45 CET

Sokneprest Svein Maron Runde vart i statsråd i dag utnemnd til prost i Austre Sunnmøre.

Svein Maron Runde er 54 år. Han avla teologisk embetseksamen i 1983 og praktisk-teologisk eksamen i 1984. Frå 1984 til 1985 var han vikarprest i Sande og frå 1985 har han vore sokneprest i Sunnylven og Geiranger.