Statens helsetilsyn

Ny strategiplan for 2010-12

Pressemelding   •   feb 24, 2010 16:26 CET

Helsetilsynet legg vekt på å følgje opp at tenesteytarane rettar svikt.

Statens helsetilsyn har fastsett ny strategiplan for perioden 2010-2012. Planen gir signal om kva endringar vi ønskjer å gjere på verksemda vår innanfor dei rammene som er sette gjennom lovgjeving og budsjettvedtak, seier assisterande direktør Geir Sverre Braut. Det vi ser på som mest påtrengjande no er å sikre gode rutinar for å følgje opp svikt som vi har avdekka gjennom tilsyn. Sjølv om det er tenesteytarane sitt ansvar å rette opp svikt, ser vi at ei tydelegare og meir konsis oppfølging frå vår side fører til betre oppfølgingsarbeid også hjå dei ansvarlege, seier Braut.

Av andre tema som Statens helsetilsyn ønskjer å leggje vekt på den komande treårs-perioden er utvikling av fleire verkemiddel i tilsynsarbeidet. Dette er noko som vi har teke med oss inn i planlegginga av auka innsats i tilsynet med tenester til eldre, seier Braut. I løpet av planperioden skal vi også sikre at den kunnskapen vi samla sett får gjennom tilsynet blir betre analysert og spreidd slik at han kan vere tenleg som grunnlag for utviklingsarbeid.

Statens helsetilsyn har drive med systematisk strategiarbeid i rundt 20 år. Røynslene frå slikt arbeid er jamt over gode, men utfordringa er å sjå til at dei årlege verksemdsplanane blir høveleg justerte i forhold til momenta i strategiplanen.

Kontaktperson: Assisterande direktør Geir Sverre Braut, telefon 21 52 98 02.