Statens landbruksforvaltning, SLF

Nye geitebønder på veg

Pressemelding   •   des 17, 2009 17:02 CET

I år var det for første gong mogleg å søke om kvote til nyetablering i geitmjølkproduksjonen. Statens landbruksforvaltning har motteke søknadar om til saman 380 000 liter.

Partane i jordbruksoppgjeret har i år satt av 150 000 liter kvote til nyetablering i geitmjølkproduksjonen. Dette betyr at bønder som ønskjer å byrje med geitmjølkproduksjon, men som ikkje har kvote frå før, har høve til å kome seg inn i næringa.

Statens landbruksforvaltning har motteke åtte søknadar om til saman 380 000 liter frå seks ulike fylker. Etterspurnaden etter geitmjølkkvote til nyetablering er dermed stor samanlikna med den kvoten som er satt av til ordninga.

Det er maksimalt høve til å søkje om å få kjøpe 50 000 liter, og sju av åtte søkjarar har søkt om den maksimale mengda. Gjennomsnittskvoten til søkjarane vert dermed 47 500 liter. I vurderinga av søknadane skal det telle positivt om søkjaren er under 35 år. Gjennomsnittsalderen på søkjarane er 35 år, og fem av dei åtte søkarane er under 35 år.

Ny runde for ku
I 2008 vart det lagt ut kvote til sal for nyetablerarar for første gong sidan kvoteordninga vart innført. Det er også i år satt av 5 millionar liter kvote til nyetablering i kumjølkproduksjonen.

Her har vi motteke 22 søknadar på til saman vel 2,9 millionar liter. Søknadane kjem frå ti ulike fylker, der søkjarane frå Oppland søkjer om mest kvote samla sett. Sett i forhold til storleiken på kumjølkkvotane i dei ulike fylka, er Finnmark, Telemark og Hedmark dei fylka der dei omsøkte kvotelitrane kan komme til å utgjere størst auke i mjølkeproduksjonen. Nyetableringa kan i desse fylka føre til ei auke på 1 prosent auke i den totale kvoten.

Søkjarane kan maksimalt søkje om å få kjøpe 150 000 liter, og 17 av søkarane har søkt om maksimal mengde.

Gjennomsnittskvoten til søkjarmassen vert etter dette på 134 000 liter.

Også her skal det vektleggast at om søkjarane er under 35 år. Søkjarane har ein gjennomsnittsalder på om lag 36 år, og elleve av dei er under 35 år.

Les meir om kjøp av mjølkekvote til nyetablering

Tabell; http://www.slf.dep.no/portal/page?_pageid=53,418236&_dad=portal&_schema=PORTAL&p_d_i=-121&p_d_c=&p_d_v=12339&p_d_i=-221&p_d_c=&p_d_v=12339