Kulturdepartementet Norge

Nye medlemmer i Norsk kulturråd

Pressemelding   •   des 21, 2009 10:03 CET

Forfattar Olaug Nilssen og museumsdirektør Gro Persson er nye medlemmer i Norsk Kulturråd.

I statsråd 18. desember 2009 vart det oppnemt fem medlemmer og to varamedlemmer til Norsk kulturråd.

Nilsen er fødd i 1977, bur i Bergen og er forfattar og dramatikar. Ho er utdanna i mellom anna litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen. Ho debuterte i 1998 med boka Innestengt udyr og har sidan skrive bøker i fleire sjangrar. I 2006 debuterte ho som dramatikar med Skyfri himmel på Rogaland Teater. Ho er dagleg leiar for Skrivekunstakademiet i Bergen.

Persson er fødd i 1956, bur i Sandnes og er utdanna sivilarkitekt. Ho har òg kunstutdanning frå Statens handverks- og kunstindustriskole. Ho har drive eigen arkitektpraksis og har arbeidd i offentleg sektor, mellom anna i Miljøverndepartementet. Ho er nyleg tilsett som direktør for eit samanslått Stavanger Museum og Rogaland Kunstmuseum.

Etter dei nye reglane om oppnemning og samansetning av rådet skal oppnemningane vere rullerande slik at halvparten av medlemmene og varamedlemmene vert oppnemnde kvart anna år.

Fem medlemmer og to av varamedlemmene vert oppnemnt frå 1. januar 2010 med ei funksjonstid på fire år.

I tillegg til Olaug Nilsen og Gro Persson blir ballettdansar Ingrid Lorentzen, direktør Solveig Øvstebø og forfattar Erik Fosnes Hansen oppnemnt for ein ny periode. Det same gjeld dei to varamedlemmene Corinne Lyche Campos og direktør Harald Solberg.

Museumsdirektør Ivar Roger Hansen og direktør Ottar Grepstad sat i Kulturrådet også i førre periode 2005 - 2009. Desse vert no erstatta av Olaug Nilssen og Gro Persson.

Samansetninga av Kulturrådet etter siste oppnemning er:

For perioden 1. juli 2009 til 31. desember 2011:

Regissør Bentein Baardson, Oslo, leiar
Skodespelar Asta Busingye Lydersen, Oslo, nestleiar
Tekstilkunstnar Aslaug Juliussen, Tromsø
Dagleg leiar Vegard Snøfugl, Trondheim
Musikar Arnfinn Bjerkestrand, Oslo

For perioden 1. januar 2010 til 31. desember 2013:

Ballettdansar Ingrid Lorentzen, Oslo
Direktør Solveig Øvstebø, Bergen
Forfattar Erik Fosnes Hansen, Oslo
Forfattar Olaug Nilssen, Bergen
Museumsdirektør Gro Persson, Sandnes

Varamedlemmer:

1.         Dagleg leiar Frøydis Moberg, Bergen, 01.07.2009 – 31.12.2011
2.         Dansekunstnar Corinne Lyche Campos, Oslo, 01.01.2010 - 31.12.2013
3.         Dagleg leiar Eivind Falk, Lillehammer, 01.07.2009 – 31.12.2011
4.         Direktør Harald Solberg, Arendal, 01.01.2010 – 31.12.2013