Utenriksdepartementet

Nye partnarskapar i Den nordlege dimensjon

Pressemelding   •   nov 03, 2010 09:29 CET

Sjå video frå møtet i Den nordlege dimensjon

Ministrane i Den nordlege dimensjon er einige om å samarbeide nærare innan transport, logistikk og kultur. Noreg kommer særleg til å fokusera på maritim transport. – Den nordlege dimensjon har gjennom konkrete prosjekt og resultat både på miljø og helse vist seg særs nyttig. Vi har no store voner til dei nye samarbeidsområda, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre var 2. november vert for det andre ministermøtet i samarbeidsorganisasjonen Den nordlege dimensjon.

- Folk-til-folk-samarbeidet er sentralt i Barents- og Austersjøsamarbeidet, medan Den nordlege dimensjon utmerkar seg med ei rekkje store miljøprosjekt i både Austersjø-regionen og Barentsregionen. Innanfor helsesamarbeidet er vi opptekne av å fremje helse og livskvalitet, der vi særskilt prioriterer samarbeidet om livsstilsrelaterte sjukdommar, fengselshelse og smittsame sjukdommar som tuberkulose, seier utanriksminister Støre.

Utanriksministrane er også samde om dei framtidige prioriteringane for to nye partnerskapar, éin for transport og logistikk og éin for kultur. Noreg vil leia arbeidet med transport og logistikk i 2011.

- Dei nye partnarskapane skal vere operative i nær framtid. Desse opnar for samarbeid på nye område. Noreg vil prioritera transport og logistikk, og då særskilt det maritime aspektet og viktige grenseoverskridande korridorar og prosjekt, både nære småskalaprosjekt og større langsiktige framtidsretta prosjekt, som til dømes Den nordlege sjøruta og Narvik-korridoren, seier utanriksministeren.

Andre nye samarbeidsområde er energiøkonomisering og alternativ energi, vitskapeleg samarbeid og næringssamarbeid.

Den nordlege dimensjon er eit samarbeid mellom fire likeverdige partnarar - Noreg, EU, Russland og Island - dei regionale samarbeidsorganisasjonane og internasjonale finansieringsinstitusjonar. Samarbeidsområdet utgjer Nordvest-Russland, Barentsregionen, Austersjøregionen og det arktiske og subarktiske området.

EU var i møtet representert av den finske utanriksministeren Alexander Stubb, medan utanriksministrane Sergej Lavrov og Össur Skarphédinsson representerte partnarane Russland og Island. I tillegg deltek utanriksminister Carl Bildt frå Sverige. Danmark, Polen, Litauen og Estland er også representerte på  politisk nivå. På møtet deltek representantar for dei ulike partnarskapane og initiativa, regionale samarbeids-organisasjonar og ei rekkje internasjonale finansinstitusjonar.

Utanriksministrane Støre og Lavrov underteikna i tilknyting til møtet ein bilateral grensebuaravtale og ein avtale om styrkt grensenært samarbeid.

Den nordlege dimensjon tek ikkje over for dei andre regionale samarbeids-organisasjonane, men arbeider koordinert  saman med desse.

- Det regionale samarbeidet i nord er ein berebjelke i nordområdesatsinga, seier Støre.