Kommunal- og regionaldepartementet

Nye tiltak for eit styrkt lokaldemokrati

Pressemelding   •   sep 06, 2010 17:07 CEST

- Me treng eit sterkt, engasjerande lokaldemokrati, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Ho sender no forslag til lovendringar på høyring for å styrke nettopp dette.

Stadig færre lokale folkevalde dei seinare åra bekymrar statsråden.

- I eit lokaldemokratisk perspektiv er dette uheldig. Færre veljararinteresser blir representerte. For å redusere nedgangen foreslår eg derfor at det blir krav om eit 2/3-fleirtal for å endre talet på kommunestyrerepresentantar i ein kommune, seier Navarsete.

Statsråden er òg oppteken av forholdet mellom lokalpolitikarane og administrasjonen i kommunane. Ho foreslår at kommunestyra skal handsame ei sak om delegasjonsreglement minst ein gong i kvar valperiode.

– Det er viktig at lokalpolitikarane er medvite kva myndigheit som er delegert til administrasjonen. Dei skal ha ei bevisst haldning til kva dei sjølve skal ta den endelege avgjerda om, og kva administrasjonen skal bestemme, seier Navarsete.

– Eg foreslår òg at det som hovudregel skal liggje ei politisk innstilling i botn når kommunestyra eller andre folkevalde organ handsamar saker. Dette meiner eg vil vitalisere den politiske debatten i kommunane, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet foreslår samstundes å innføre ei ny, alternativ føresegn om etablering av kommuneråd i kommunar med parlamentarisk styringsform. Forslaget byggjer på eit forsøk som Oslo kommune praktiserar og har god erfaring med. Her er det ordføraren som peiker på den kandidaten han trur kan samle størst oppslutning for sitt kommuneråd.   

Kommunal- og regionaldepartementet følgjer i høyringsforslaget opp forslag som Regjeringa varsla i St.meld. nr. 33 (2007-2008) Eit sterkt lokaldemokrati.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.