Nyhetstips

Nynorsk pressekontor gir ut språkhandbok

Pressemelding   •   okt 27, 2010 09:01 CEST

Lurer du på om det heiter i eller på Haiti, om du kan skrive følelse på nynorsk, eller kor komma skal stå? Slike og andre språkspørsmål kan du no få svar på i NPK-språket, den nye språkhandboka frå Nynorsk pressekontor.

Nynorsk pressekontor (NPK) gir ut boka saman med Norsk Telegrambyrå (NTB) og Kunnskapsforlaget. Boka er laga for journalistar, men passar for alle som skriv nynorsk.

Dermed har NTBs språkhandbok, NTB-språket, fått ei nynorsk syster. I NPK-språket har du alt du treng enten du lurer på korleis eit ord skal skrivast eller du vil ha gode råd om korleis du kan bli ein betre skribent.

Boka har to delar: ei ordliste med over 30.000 oppslagsord og ein regeldel med gode råd om rettskriving og språkbruk. Språkråda kan mellom anna hjelpa deg til bli meir bevisst på språk og stil og korleis du skal bli kvitt typiske uvanar og unngå vanlege misforståingar.

Her er nyttige tips om alt frå teiknsetjing, bruk av tal og talord og store og små forbokstavar til nynorsk rettsspråk og transkribering. Boka forklarer også dei viktigaste forskjellane mellom nynorsk og bokmål.

Ordlista femnar om basistilfanget av ord i nynorsk. Norma har færre valfrie former enn den offisielle rettskrivinga, men dekkjer dei formene som er mest vanlege i bruk.

– Vi har valt å halde på ein god del av valfridommen i nynorsk, men stramma inn i tråd med dei formene som er mest vanlege. Det er naturleg å gi eit visst spelerom for personelg stil både ut frå generasjonsforskjellar og dialektbakgrunn, seier sjefredaktør Kirsten Offerdal i Nynorsk pressekontor.

– Dei fleste vil kunne skrive som før om dei følgjer ordlista vår, seier Offerdal.

Journalist Hallvard Østrem er redaktør for boka. Han har fått konsulenthjelp frå mellom andre Asgeir Olden og Jon Peder Vestad.

Dette skriv andre om boka: www.lla.no/nyhet.cfm?nyhetid=224579

Kontaktpersonar:
Sjefredaktør Kirsten Offerdal tlf.: 22 03 46 40
Språkansvarleg Hallvard Østrem tlf.:  22 03 46 30

Bilder