Kulturdepartementet Norge

Nytt styre i Språkrådet

Pressemelding   •   nov 26, 2010 09:05 CET

Statsråd Anniken Huitfeldt har oppnemnt nytt styre for Norsk Språkråd. Ottar Grepstad, forfattar og direktør for Nynorsk Kultursentrum blir styreleiar.

- Eg er glad for at vi har fått på plass eit godt og kompetent styre for Norsk Språkråd. Vi kjem no raskt til å lyse ut stillinga som direktør for Språkrådet, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

Styret i Norsk Språkråd til 31.12.2014:

Ottar Grepstad, Volda, leiar (f. 1953, forfattar og direktør for Nynorsk Kultursentrum, rådsmedlem i Norsk kulturråd 2005–2009, styremedlem i Språkrådet 2006–2010.)

Åse Lill Kimestad, Mandal, nestleiar (f. 1955, rektor ved Vågsbygd videregående skole, medlem av fagrådet for høgare utdanning i Språkrådet)

Trond Trosterud, Tromsø (f. 1962, førsteamanuensis i samisk språkteknologi ved Universitetet i Tromsø)

Åse Wetås, Oslo (f. 1972, prosjektdirektør for Norsk ordbok 2014)

Sigrun Høgetveit Berg, Tromsø (f. 1972, cand. philol, stipendiat ved Universitetet i Tromsø)

Helene Uri, Oslo (f. 1964, forfattar og språkvitar, dr. art. i lingvistikk)

Kamil Øzerk, Oslo ( f.1954 på Kypros, tyrkisk-norsk pedagog, dr. polit., professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo. Har mellom anna forska på tospråkleg opplæring)

Ola T. Lånke, Trondheim (f. 1948, prest, tidlegare stortingsrepresentant for Kr.F.)

Vald av dei tilsette:

Margrethe Kvarenes (rådgjevar, BM),
Daniel Ims (rådgjevar, NYNO),

Varamedlem:

Lars Rottem Krangnes, Oslo (nasjonal konsulent i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, med samfunnskontakt som ansvarsområde)

Bente Christensen, Oslo (leiar av Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo)