Statistisk sentralbyrå SSB

Obligasjonar og sertifikat, 2. halvår 2009 Stor utferding blant alle grupper låntakarar

Pressemelding   •   feb 03, 2010 12:12 CET

2. halvår 2009 var prega av framleis stor utferding av statskassevekslar og obligasjonar med førerett i Noreg. Samstundes var det også vekst i utferdinga av obligasjonar og sertifikat frå ikkje-finansielle føretak og utlendingar.

I Noreg vart det registrert 714 utferdingar av obligasjonar og sertifikat for totalt 543,3 milliardar kroner i 2. halvår 2009. 132 av utferdingane, som til saman utgjorde 140,2 milliardar kroner, vart registrerte i desember 2009. Samanlikna med 2. halvår 2008 gjekk talet på utferdingar ned med 17 prosent, medan beløpet gjekk opp med heile 70 prosent. Det vart ferda ut nokre fleire obligasjonar (360) enn sertifikat (354), men beløpet var størst for sertifikat (333,2 milliarder kroner).

Framleis mest låneopptak frå staten og kredittføretak, men andre låntakargrupper veks

Fram til 2. halvår 2008 var det bankane som tok opp mest lån i Noreg. Seinare har statsforvaltninga og ”andre finansielle føretak”, i fyrste rekkje kredittføretak, teke opp ein dominerande del av låna. I 2. halvår 2009 var lånevoluma til desse låntakarane på høvesvis 298,7 milliardar og 140,0 milliardar kroner, ein auke på høvesvis 218 og 5 prosent samanlikna med 2. halvår 2008. Dei høge voluma gjeld i fyrste rekkje statskassevekslar og obligasjonar med førerett, som har vori bytta mot einannan. Mot slutten av 2009 var det noko mindre utferding av obligasjonar med førerett. Nye store utferdingar av statskassevekslar, særleg i september og desember 2009, (høvesvis 112,8 og 106,7 milliardar kroner) vart i fyrste rekkje nytta til rulleringar/utskifting av statskassevekslar som forfell og som igjen har vori bytta mot eksisterande obligasjonar. Ikkje-finansielle føretak og utlendingar tok opp meir lån i 2. halvår 2009 enn tidlegare, i alt 89,3 milliardar kroner. Dette er ein auke på heile 83 prosent samanlikna med 2. halvår året før.

Moderat vekst i volumet av utferdingar utafor Noreg

I 2. halvår 2009 ferda innlendingar ut i alt 1 330 obligasjonar og sertifikat for totalt 466,2 milliardar kroner utafor Noreg. 155 av desse utferdingane på til saman 73,9 milliardar kroner vart registrerte i desember 2009. Samanlikna med 2. halvår året før gjekk talet og beløpet på utferdingar opp med høvesvis 20 og 11 prosent. Bankane ferda ut det største beløpet (232,1 milliardar kroner) i 2. halvår 2009, medan andre finansielle føretak ferda ut det nest største beløpet (190,6 milliardar kroner).

Framleis høg obligasjons- og sertifikatgjeld

Ved utgangen av desember 2009 var den samla innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda på

1 568 milliardar kroner. Dette er ein auke på nær 40 prosent samanlikna med utgangen av desember 2008. Utafor Noreg var obligasjons- og sertifikatgjelda til norske einingar på snaue 1 053 milliardar kronar. Meir enn 40 prosent av gjelda innalands og utafor Noreg forfell anten i 2010 eller 2011.

Frå og med januar til og med juni 2010 vert statistikken ”Obligasjonar og sertifikat” publisert kvart kvartal i staden for kvar månad. Publiseringane vil likevel innehelde tal for kvar månad. Nye tal vil bli lagt ut i statistikkbanken kvar månad som tidlegare. Neste publisering kjem 3. mai 2010 med tal til og med mars 2010.

Tabeller http://www.ssb.no/obligasjoner/