Statistisk sentralbyrå SSB

Obligasjonar og sertifikat, november 2009 Færre nye obligasjonar og sertifikat

Pressemelding   •   jan 08, 2010 09:36 CET

November 2009 var den andre månaden på rad med få utferdingar av obligasjonar og sertifikat i Noreg etter ein periode med store lånevolum. Dette kjem av at staten og kredittføretak ferda ut mindre volum enn før. Men andre sektorar ferda ut større volum.

I Noreg vart det registrert 141 utferdingar av obligasjonar og sertifikat for totalt 46,1 milliardar kroner i november 2009. Samanlikna med den føregåande månaden gjekk talet og beløpet på utferdingar opp med høvesvis 33 prosent og 2 prosent. Sett i høve til november året før gjekk talet på utferdingar opp med 3 prosent, mens beløpet vart redusert med 37 prosent.

Størst låneaktivitet i Noreg blant bankar

Forretnings- og sparebankane ferda ut det største volumet av obligasjonar og sertifikat i Noreg i november 2009, til saman 9,2 milliardar kroner. Dette er eit 9 prosent større volum enn i november året før. Statsforvaltninga ferda ut det nest største volumet, 8,3 milliardar kroner, men dette svarar berre til om lag halvparten av volumet i november 2008. Kredittføretak ferda òg ut betydeleg mindre volum i november 2009 enn i november året før. Andre sektorar, særleg utalandske einingar, ferda ut større volum.

Framleis store emisjonsvolum utafor Noreg

Utafor Noreg ferda norske einingar ut i alt 203 obligasjonar og sertifikat for totalt 89,6 milliardar kroner i november 2009. Samanlikna med november 2008 gjekk både talet og beløpet på slike utferdingar opp med om lag 4 prosent. Bankane ferda ut det største volumet av obligasjonar og sertifikat, til saman 47 milliardar kroner. Kredittføretak ferda ut det nest største volumet, i alt 33 milliardar kroner.

Framleis auke i obligasjons- og sertifikatgjelda

Obligasjons- og sertifikatgjelda veks framleis. Ved utgangen av november 2009 var den innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda på totalt 1 572 milliardar kroner. Dette er ein auke på om lag 45 prosent frå utgangen av november 2008. Den obligasjons- og sertifikatgjelda som norske einingar hadde utafor Noreg, var på nær 1 080 milliardar kroner. Meir enn 30 prosent av gjelda forfell før utgangen av 2010, anten ho er teken opp i eller utafor Noreg.

Tabeller: http://www.ssb.no/obligasjoner/