Statistisk sentralbyrå SSB

Obligasjonar og sertifikat, oktober 2009 Større utferdingar utafor enn i Noreg

Pressemelding   •   des 01, 2009 16:45 CET

Volumet på obligasjonar og sertifikat som vart ferda ut i Noreg, var meir moderat i oktober 2009 enn på fleire månader. Dette kjem særleg av at kredittføretak tok opp mindre lån. Samstundes ferda både dei og bankane ut store volum av obligasjonar og sertifikat utalands.

I Noreg vart det registrert 107 utferdingar av obligasjonar og sertifikat for totalt 45,8 milliardar kroner i oktober 2009. Samanlikna med den føregåande månaden gjekk talet og beløpet på utferdingar ned med høvesvis 36 prosent og 75 prosent. Sett i høve til oktober året før vart talet og beløpet på utferdingar redusert med høvesvis 30 og 35 prosent.

Størst statleg og utalandsk låneaktivitet i Noreg

Statsforvaltninga ferda ut det største volumet av obligasjonar og sertifikat i Noreg i oktober 2009. Til saman vart det ferda ut obligasjonar og statskassevekslar for 12,9 milliardar kroner. Utalandske einingar ferda ut det nest største volumet på 10,3 milliardar kroner. Bankar og andre finansielle føretak ferda ut eit vesentleg mindre volum av obligasjonar og sertifikat i oktober 2009 enn i oktober førre året, høvesvis 8,9 og 38,2 milliardar kroner. Dei ikkje-finansielle føretaka ferda på si side ut større volum enn i fjor, respektive 10,2 og 6,1 milliardar kroner.

Store emisjonsvolum utafor Noreg

Utafor Noreg ferda norske einingar ut i alt 250 obligasjonar og sertifikat for totalt 96,7 milliardar kroner i oktober 2009. Samanlikna med oktober 2008 gjekk talet og beløpet på slike utferdingar opp med høvesvis 67 prosent og 122 prosent. Bankane ferda ut det største volumet av obligasjonar og sertifikat, til saman 43 milliardar kroner. Kredittføretak ferda ut det nest største volumet, i alt 41 milliardar kroner.

Framleis auke i den innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda

Ved utgangen av oktober 2009 var den samla innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda på 1 558 milliardar kroner. Dette er ein auke på om lag 50 prosent frå utgangen av oktober 2008. Den obligasjons- og sertifikatgjelda som norske einingar hadde utafor Noreg, var på nær 1 047 milliardar kroner.

Tabeller