Finansdepartementet Norge

Øystein Olsen tilsett som sentralbanksjef

Pressemelding   •   okt 25, 2010 09:35 CEST

Øystein Olsen (58) er i statsråd i dag tilsett som sentralbanksjef for ein periode på seks år. Olsen har frå januar 2005 vore administrerande direktør i Statistisk sentralbyrå. Olsen er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo i 1977.

- Med Øystein Olsen som sentralbanksjef har vi fått ein særs dyktig leiar av Noregs Bank. Eg kjenner Olsen som ein  kunnskapsrik økonom med brei innsikt, og er trygg på at han vil gjere en god jobb som sentralbanksjef, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Olsen har brei erfaring frå Statistisk sentralbyrå som  administrerande direktør, forskar og forskingssjef og har også bakgrunn frå Finansdepartementet der han har leia Økonomiavdelinga. Olsen har og vore tilsett ved Econ senter for økonomisk analyse og har hatt forskingsopphald ved Universitetet i California, Berkeley.  Olsen har og leia fleire offentlege utval, mellom anna Det tekniske  berekningsutvalet for inntektsoppgjera.  Olsen vil tiltre stillinga 1. januar 2011.