Statistisk sentralbyrå SSB

Opna konkursar, 2009 og 4. kvartal 2009 Konkursauken flatar ut

Pressemelding   •   jan 25, 2010 09:07 CET

Talet på konkursar held seg stabilt. I fjerde kvartal i fjor vart det opna berre 0,7 prosent fleire konkursar enn i den same perioden året før. I heile 2009 vart det derimot registrert 38 prosent fleire konkursar enn i 2008.

I fjerde kvartal i fjor vart det opna 1 183 konkursar, medan det i heile året vart registrert 5 013. Den største prosentvise auken finn vi i Finnmark, med 112 prosent fleire konkursar i 2009 sett i høve til året før. Oslo er fylket med den største auken i absolutte tal, med 191 fleire konkursar på årsbasis. Talet på konkursar gjekk opp i alle fylka.

Tre av fire konkursar, i alt 3 813, var såkalla føretakskonkursar, som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. I fjor var det 47 prosent fleire føretakskonkursar enn i 2008. Ein av tre føretakskonkursar finn vi innanfor varehandel.

Dei resterande 1 200 konkursane gjaldt einskildpersonføretak, som òg inkluderer personlege konkursar. Auken låg på 16 prosent samanlikna med 2008. Fire av ti enkeltpersonføretak som gjekk konkurs i fjor, dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Stendig auke i konkursar av norskregistrerte utanlandske føretak

10 prosent av alle konkursane i fjor var norskregistrerte utanlandske føretak (NUF). Talet på konkursar innanfor denne organisasjonsforma auka frå 285 i 2008 til 503 i fjor.

Månadstal

Månadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre samt tinglyste utleggsforretningar ligg i tabell 07218 i Statistikkbanken

Tabeller