Statsministerens kontor

Opning av ny E18 Krosby-Knapstad

Pressemelding   •   nov 18, 2010 09:11 CET

Statsminister Jens Stoltenberg og samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa opnar ny E18 Krosby-Knapstad tysdag 23. november 2010.

Bygging av ny E18 på den 70 km lange strekninga Ørje-Vinterbro vil føra til auka trafikktryggleik, spesielt ein reduksjon i alvorlege møteulykker. Ny E18 vil samtidig auka kapasiteten og leia tungtrafikken og gjennomfartstrafikken utanom tettstadene. Les meir om utbygginga og sjå invitasjonen frå Statens vegvesen her.

Kl. 09.45: Oppmøte ved Askimportens austre tunnelportal ved Krosbykrysset (sjå invitasjonen frå Statens vegvesen for detaljar og kart). Dei frammøtte går deretter gjennom tunnelen til Smålenene bru, der opningsseremonien finn stad.

Statsministeren og samferdselsministeren vil vera tilgjengelege for pressa litt før kl. 11.

Pressekontaktar er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078 og kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Pressekontakt i Statens vegvesen er Erik Larsstuen, telefon 958 42 248.