Statistisk sentralbyrå SSB

Ordrestatistikk. Industri, 4. kvartal 2009 Ordrereservane i industrien fell framleis

Pressemelding   •   feb 12, 2010 13:51 CET

Ordrereservane gjekk vidare ned i 4. kvartal 2009. Mangel på nye oppdrag ved verfta medverka klart til dette.

Ordrebasert industri melder framleis om fall i ordrereservane. I 4. kvartal 2009 var ordrereservane 31,8 prosent mindre enn på same tid i 2008. Nedgangen var størst for maskinindustri og bygging av skip og plattformer. Svært låg ordretilgang i desse næringane var årsaka til det. Samla ordrereservar i industrien har ikkje vore lågare sidan 3. kvartal 2006.

Etter ordretilgangen har falle kraftig sidan starten av 2007, er det no teikn til at utviklinga flatar ut. Positiv utvikling i næringane kjemisk og farmasøytisk industri og metallvareindustrien har bremsa nedgangen. I 4. kvartal 2009 var ordretilgangen 17,1 prosent lågare enn på same tid i 2008.

Fallande ordrereservar for produsentar av skip og plattformer

I 4. kvartal 2009 var ordretilgangen ved verfta 22,2 prosent lågare enn på same tid i 2008. Sterk konkurranse frå utlandet og problem med finansiering av nye oppdrag forklarer nedgangen. Ordrereservane gjekk ytterlegare ned i 4. kvartal 2009 og låg heile 47,4 prosent under nivået fra same periode eit år tidlegare.

Låg ordretilgang i maskinindustrien

Maskinindustrien legg til grunn at ordretilgangen har gått ned med 37,5 prosent frå 4. kvartal 2008 til 4. kvartal 2009. Næringa er dominert av eit fåtals aktørar som har mesteparten av produksjonen lokalisert i utlandet. Nedgangen kjem av svikt i etterspurnaden i marknadane deira. Trass i at samla ordrereservar har falle sidan 3. kvartal 2008, var desse framleis svært høge historisk sett.

Betring for produsentar av ikkje-jarnhaldige metall

I 4. kvartal 2009 var ordretilgangen hos produsentar av ikkje-jarnhaldige metall 8,3 prosent høgare enn på same tid i 2008. For metallindustrien samla var nedgangen 8,1 prosent i same tidsrom. Ordrereservane for metall og ikkje-jarnhaldige metall var høvesvis 8,4 og 18,6 prosent høgare enn i 4. kvartal 2008.

Positiv utvikling for kjemisk og farmasøytisk industri

Kjemisk og farmasøytisk industri melder om at ordrereservane auka med 53,8 prosent frå 4. kvartal 2008 til 4. kvartal 2009. Tilsvarande samanlikning for ordretilgangen gav ein vekst på 10,7 prosent i same tidsrom. Positiv utvikling for verksemd knytt til norsk solcelleindustri medverkar til oppgangen.

Høge ordrereservar i metallvarer

Ordretilgang og ordrereservane hos produsentar av metallvarer gjekk opp med høvesvis 16,4 og 7,4 prosent frå 4. kvartal 2008 til 4. kvartal 2009. Ordrereservane har stege kraftig sidan 2006 og var på eit svært høgt nivå historisk sett. Fleire store enkeltkontraktar blant eit fåtals aktørar i næringa forklarar delvis utviklinga.

Verdiendring i ordretilgang og -reserve. Prosent
Tabell: http://www.ssb.no/osi/