Klima- og forurensningsdirektoratet

Ormen Lange Landanlegg, Aukra

Pressemelding   •   feb 25, 2011 09:18 CET

Kunngjering i Romsdals Budstikke, Tidens Krav og Norsk lysingsblad om at Norske Shell søkjer om løyve til oppstart av brønnar mot Ormen Lange Landanlegg i Aukra kommune i Møre og Romsdal.

Kunngjering

Søknad om løyve til oppstart av brønnar mot Ormen Lange Landanlegg i 2011.

A/S Norske Shell har i brev av 14. februar 2011 søkt Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) om løyve til oppstart av brønnar på Ormen Lange-feltet mot Ormen Lange Landanlegg i 2011. Dette medfører ein auke i mengdene bore- og brønnkjemikal som blir ført i land og behandla på Nyhamna, og eventuell bruk og utslepp av emulsjonsbrytar dersom det blir danna emulsjonar i separasjonsanlegget på Nyhamna. Metoden Norske Shell søkjer om å bruke, blei for fyrste gong teken i bruk i Noreg på to brønnar på Ormen Lange-feltet i 2010. Operasjonen i 2011 omfattar tre brønnar. Den fyrste brønnen er planlagd starta opp i starten av mai, den neste i starten av juni og den tredje i månadsskiftet juni/juli. I søknaden legg Norske Shell vekt på at metoden har klare fordelar for miljøet.

Noverande metode – oppstart av brønnar til rigg

Norske Shell har løyve til bruk og utslepp av kjemikal på Ormen Lange-feltet i samband med brønnoppstartsoperasjonar, dvs. oppstart av brønnar til rigg. Med denne metoden mottek produksjonssystemet på Nyhamna berre restar av brønnvæskene frå brønnsoppstartsoperasjonane. Noko brønnvæske går også tapt i formasjonen.

Omsøkt metode – oppstart av brønnar til land

Norske Shell ønskjer også for 2011 å nytte ein alternativ metode for oppstart av brønnar på Ormen Lange-feltet. Metoden blir kalla ”oppstart av brønnar til land”. Med denne metoden blir brønnane opna direkte mot land, dvs. at brønnstraumen (hydrokarbon og brønnvæske) blir leidde utanom riggen og via transportrørleidningen til Ormen Lange Landanlegg. Behandling av brønnvæske vil da skje på Nyhamna. Norske Shell forventar at ca. 490 tonn brønnkjemikal (dvs. 162 tonn baseolje, 92 tonn frostvæske (dvs. monoetylenglykol (MEG)) og 236 tonn vatn med salt) vil kome til Ormen Lange Landanlegg i samband med oppstart av dei tre brønnane i 2011, der baseoljen vil kome i løpet av 3-4 dagar medan dei andre brønnkjemikala vil fordele seg med ca. 50 prosent etter tre til fire dagar, og dei resterande i løpet av dei neste seks månadene. Frostvæska blir gjenvunne, mens baseoljen vil følgje kondensatfasen som mellomlagrast på Nyhamna før skiping til raffineri. Brønnopninga i 2011 omfattar ikkje rørleidningskjemikal, då desse blei sende til Nyhamna i samband med brønnopninga i 2010.

Ifølgje Norske Shell viser miljørisikovurderinga for 2010 at det er låg miljørisiko i samband med oppstart av brønnar til land. Vidare viser Norske Shell til at resultata frå økotokstesting av avløpsvatnet under oppstart av brønnar i 2010 viser lågt innhald av giftige komponentar. Det blei heller ikkje påvist effektar knytte til bruk av emulsjonsbrytar. Emulsjonsbrytar blei nytta fordi separasjonseffektiviteten av olje (her kondensat) i vatn (OIV) blei påverka av operasjonen. Under oppstart av brønnar til land i 2010 blei det også behov for å auke frekvensen på filterbyte på rik-MEG-tankar oppstraums. Dette resulterte i auka generering av farleg avfall og ein 10 prosent auke av MEG-belastninga inn på vassreinseanlegget i eitt døgn.

Norske Shell planlegg å overvake brønnoppstarten i 2011 gjennom det ordinære prøvetakingsprogrammet for Nyhamna. Dette er basert på erfaringane og resultata frå det ekstraordinære prøvetakingsprogrammet i 2010 – at det ikkje kan påvisast vesentleg auka belastning på vassreinseanlegget og heller ikkje negativ innverknad på drifta av vassreinseanlegget eller kvaliteten til utsleppsvatnet.

Oppmoding om fråsegner

Søknaden frå A/S Norske Shell er lagd ut til offentleg innsyn i kommunehuset på Falkhytten i Aukra kommune. Saksdokumenta og skjema for å gi elektronisk tilbakemelding finn du på desse sidene (http://www.klif.no/horing2011-94). Det er også mogeleg å sende inn høyringskommentarar skriftleg til Klima- og forureiningsdirektoratet, postboks 8100 Dep., 0032 Oslo. Frist for høyringsfråsegner er 6. april 2011.