Statistisk sentralbyrå SSB

Overnattingsstatistikk, desember 2009 Nedgang for hotella i 2009

Pressemelding   •   feb 01, 2010 10:09 CET

I 2009 var det 17,7 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 3 prosent frå 2008. Talet på norske og utanlandske overnattingar gjekk ned med høvesvis 1 og 10 prosent.

Av dei store utanlandske marknadene auka Italia og Frankrike talet på overnattingar med 13 og 4 prosent frå 2008 til 2009, medan den britiske marknaden gjekk ned med heile 21 prosent i same perioden. Også talet på tyske overnattingar gjekk ned frå 2008. Talet på kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar gjekk i 2009 ned med høvesvis 7 og 5 prosent frå 2008. Det var om lag like mange ferieovernattingar i 2009 som i 2008.

Færre campingovernattingar

Frå 2008 til 2009 var det 1 prosent færre overnattingar på campingplassar, ein nedgang frå 8,6 millionar til 8,5 millionar overnattingar. Den norske marknaden hadde ein auke på 1 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk ned med 7 prosent frå 2008 til 2009.

Fleire hyttegrendovernattingar

Det var meir populært å overnatte i hyttegrender i 2009 enn året før, ein auke på 7,5 prosent. Talet på norske og utanlandske overnattingar auka med høvesvis 11 og 4 prosent.

Nedgang for Norske Vandrerhjem

For Norske Vandrerhjem gjekk talet på overnattingar ned frå 332 000 til 319 000, ein nedgang på 4 prosent samanlikna med 2008. Nedgangen var i dei utanlandske overnattingane.

Optimisme i desember

Samanlikna med desembertala for 2008 steig talet på hotellovernattingar for desember 2009. I desember 2008 hadde norske hotell 900 000 overnattingar, medan dei hadde 932 000 i desember 2009. Dette er ein auke på 4 prosent. Overnatting på campingplassar og i hyttegrender var enda meir populært i desember 2009 enn i tilsvarande månad 2008. Auken var på høvesvis 7 og 23 prosent.

For Norske Vandrerhjem steig talet på overnattingar frå 7 000 til 8 000, ein auke på 17 prosent samanlikna med desember i fjor.

Tabeller

http://www.ssb.no/overnatting/