Statistisk sentralbyrå SSB

Overnattingsstatistikk, oktober 2009 Fleire norske hotellovernattingar

Pressemelding   •   des 03, 2009 15:18 CET

I oktober i år var det 1,36 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 1 prosent samanlikna med oktober i fjor. Talet på norske overnattingar gjekk opp med 1 prosent, medan utanlandske overnattingar var om lag uendra.

Når det gjeld dei store utanlandske marknadene, steig talet på gjestedøgn med personar frå Sverige og Tyskland med høvesvis 4 og 11 prosent i oktober 2009 samanlikna med oktober 2008. Størst nedgang av dei store marknadene hadde Danmark med 13 prosent færre overnattingar.

Ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp med 17 prosent. Overnattingar på kurs- og konferanse samt yrkesovernattingar gjekk ned med høvesvis 10 og 3 prosent.

Nedgang i omsetning og pris per rom

Samanlikna med oktober 2008 gjekk losjiomsetninga for hotella ned med 8 prosent, frå 942 millionar til 869 millionar, medan gjennomsnittleg pris per rom gjekk ned frå 897 til 856 kroner.

Færre campingovernattingar

Frå oktober i fjor til oktober i år gjekk talet på campingovernattingar tilbake med 7 prosent, frå 239 000 til 222 000 overnattingar. Både norske og utanlandske campingovernattingar gjekk tilbake med høvesvis 5 og 19 prosent.

Fleire norske hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar hadde ein liten auke i oktober 2009 i høve til oktober 2008. Norske overnattingar steig med 6 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med 9 prosent.

Tabeller