Fiskeri- og kystdepartementet

Petter Meier avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding   •   nov 16, 2010 08:57 CET

Petter Meier er i statsråd utnemnd som avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Meier skal arbeide i forskings- og innovasjonsavdelinga.

I forsknings- og innovasjonsavdelinga skal han ta seg av nordområdesaker, USA og koordinering av arbeidet med EUs maritime politikk og marine strategi.

Petter Meier er 51 år og utdanna cand. philol. med hovudfag i historie frå Universitetet i Oslo. Han har brei erfaring frå departementa, først Forsvarsdepartementet frå 1987 til 2001 (konsulent, førstekonsulent, rådgivar og seniorrådgivar) og så underdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet frå 2001. I Fiskeri- og kystdepartementet har Meier i hovudsak arbeidd med fiskeriforvaltningssaker. I 1995-98 var han assisterande forsvarsråd ved den norske NATO-delegasjonen i Brussel og 2007-10 var han spesialråd for fiskerisaker ved den norske ambassaden i Washington D.C.